Australsk Antarktis
Australsk Antarktis | |||
territorium | |||
|
|||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Mirnyj | ||
Australsk Antarktis 75°00′S 102°30′E / 75°S 102.5°E | |||
Kart som viser Australsk Antarktis.
| |||
Wikimedia Commons: Australian Antarctic Territory |
Australsk Antarktis (AAT; Australian Antarctic Territory) er ein del av Antarktis. Storbritannia gjorde krav på området og sette det under styret til Australia i 1933. Det er det største kravområdet. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 4 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1]
Området
[endre | endre wikiteksten]Australsk Antarktis består av alle øyane og landområda sør for 60°S og mellom 45°E og 160°E, utanom Adélie Land (136°E til 142°E), som deler området inn i Vestleg Australsk Antarktis (den største delen) og Austleg Australsk Antarktis. Det grensar til Dronning Maud Land i vest og til Ross Dependency i aust. Arealet er estimert til 5 896 500 km².[2]
Området er busett av besetninga på forskingsstasjonane. Australian Antarctic Division administrerer området hovudsakleg ved å halde tre stasjonar (Mawson, Davis og Casey) opne året rundt for forskjellige forskingsprosjekt.
Inndeling
[endre | endre wikiteksten]Territoriet er delt inn i ni distrikt, som frå vest til aust er:
Nr. | Distrikt | Areal (km²) | Vestleg grense | Austleg grense |
---|---|---|---|---|
1 | Enderby Land | 045° E | 056°25' E | |
2 | Kemp Land | 056°25' E | 059°34' E | |
3 | Mac. Robertson Land | 059°34' E | 072°35' E | |
4 | Princess Elizabeth Land | 072°35' E | 087°43' E | |
5 | Kaiser Wilhelm II Land | 087°43' E | 091°54' E | |
6 | Queen Mary Land | 091°54' E | 100°30' E | |
7 | Wilkes Land | 2 600 000 | 100°30' E | 136°11' E |
8 | George V Land | 142°02' E | 153°45' E | |
9 | Oates Land | 153°45' E | 160°00' E |
Territoriale farvatn
[endre | endre wikiteksten]Dei territoriale farvatna i Australsk Antarktis er internasjonalt farvatn og strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten av Antarktis.
Stasjonar
[endre | endre wikiteksten]Aktive og nedlagde stasjonar i territoriet, frå vest til aust:
Historie
[endre | endre wikiteksten]Storbritannia gjorde først krav på Victoria Land den 9. januar 1841 og så på Enderby Land i 1930. I 1933 gjorde ein kongeleg resolusjon at området sør for 60° S og mellom lengdegradane 160° E og 45° E vart overført til Australia.[3]
Grensene til Adélie Land vart fastsett i 1938. I 1947 overførte Storbritannia Heard- og McDonaldøyane til territoriet. Den 13. februar 1954,[4] vart Mawson Station oppretta som den første australske stasjonen på kontinentet.
Anerkjenning av australsk statsvelde
[endre | endre wikiteksten]Australia sitt krav om statsvelde over Australsk Antarktis er anerkjent av Storbritannia, New Zealand, Frankrike og Noreg.[5] Japan anerkjenner ikkje dette kravet,[6] og heller ikkje det australske kravet om territorialfarvatna der japanske skip driv kvalfangst.[7]
Gruvedrift i Antarktis
[endre | endre wikiteksten]Dei siste 20 åra har Australia vore i ein debatt om ein skal tillate gruvedrift på det mineralrike kontinentet.[8] Fleire forslag har vorte lagt fram, men alle har vorte avslått.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «US National Science Foundation - Office of Polar Programs - The Antarctic Treaty». Henta 13. oktober 2012.
- ↑ «National recovery plan for Albatrosses and Giant-petrels: Section 4.1.6 Australian Antarctic Territory, Geography». Australian Government, Department of the Environment, Water, Heritage and the Arts. Arkivert frå originalen den 17. august 2008. Henta 13. oktober 2012.
- ↑ Antarctic and international law: a collection of inter-state and national documents, Volume 2. s. 143. Author: W. M. Bush. Editor: Oceana Publications, 1982. ISBN 0-379-20321-9, ISBN 978-0-379-20321-9
- ↑ «A Brief History of Mawson». Australian Government - Australian Arctic Division. Arkivert frå originalen 27. juli 2008. Henta 13. oktober 2012.
- ↑ «Chapter 6: Antarctic Territories» (PDF). Parliament of Australia. Arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2008. Henta 13. oktober 2012.
- ↑ Steve Irwin Update from Antarktis Arkivert 2010-01-14 ved Wayback Machine. Sea Shepherd website. Henta 13. oktober 2012
- ↑ Austili.edu.au
- ↑ http://www.Antarktis.gov.au/about-Antarktis/fact-files/geologi/mining[daud lenkje]
- ↑ http://www.iol.co.za/scitech/science/environment/no-mining-in-Antarktis-say-aussies-1.1066056?ot=inmsa.ArticlePrintPageLayout.ot
- Denne artikkelen bygger på «Australian Antarctic Territory» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: