Hopp til innhald

Andrea Barzagli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Barzagli
Personleg informasjon
Fødd 8. mai 1981 (43 år)
Fødestad Fiesole
Høgd 186 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Ungdomsklubbar
Italia Rondinella
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2000
2000
2001
2001-03
2001-03
2003-04
2004-08
2008-11
2011-2019
Italia Rondinella
Italia Pistoiese
Italia Rondinella
Italia Piacenza
Italia Ascoli (lån)
Italia Chievo
Italia Palermo
Tyskland Wolfsburg
Italia Juventus
51 (3)
5 (0)
13 (1)
0 (0)
46 (3)
29 (3)
142 (4)
75 (1)
206 (2)
Totalt 567 (16)
Landslag
2003-04
2004-2017
Italia Italia U21
Italia Italia
15 (0)
73 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Andrea Barzagli (fødd 8. mai 1981) er ein italiensk tidlegare fotballspelar, fødd i Fiesole, som har spela i forsvaret til den italienske klubben Juventus. Han har spela 50 landskampar (sommaren 2014) for Italia, fast i startoppstillinga under fotball-EM 2012 då Italia nådde finalen. Under VM i fotball 2006 spelte han to kampar i turneringa, som enda med VM-gull for Italia.

Perioden 1998-2003 spelte Barzagli på lågare nivå i italiensk klubbfotball. Frå seriestart hausten 2003 spelte han for fyrste gong i Serie A. Etter ein sesong i Chievo vart han overført til Palermo sommaren 2004, ein klubb han spelte for i fire sesongar.

Sommaren 2008 gjekk Barzagli til den tyske klubben Wolfsburg, og vann seriegull i sin fyrste sesong. I januar 2011 vart han overført til italienske Juventus i Serie A. Med storklubben frå Torino vart han italiensk seriemeister tre år på rad; 2012-14.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Barzagli deltok på Italia sitt OL-lag som tok bronsemedalje under sommar-OL 2004. Same hausten, i november 2004 fekk han sin A-landslagadebut mot Finland. Under VM i fotball 2006 spelte han to kampar for verdsmeisterlaget, i kvartfinalen stilte han i staden for suspenderte Marco Materazzi. Han deltok i fotball-EM 2008, men deretter skulle det gå tre år før han atter fekk plass i fyrstellevaren på landslaget. Sidan oktober 2011 har han ofte vore på plass i midtforsvaret til Italia, både under EM 2012 og VM 2014.

  • VM-gull 2006 for Italia
  • EM-sølv 2012 for Italia
  • OL-bronse 2004 for Italia
  • Tysk seriemeister 2009 med Wolfsburg
  • Italiensk seriemeister 2012, 2013 og 2014 med Juventus