Hopp til innhald

Good Golly Miss Molly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. april 2023 kl. 13:10 av Frokor (diskusjon | bidrag) (')
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Good Golly Miss Molly
Singel av Little Richard
frå albumet Little Richard
B-side

«Hey, Hey, Hey, Hey»

Utgjeve 1958
Innspelt 1958
Sjanger Rock and Roll
Lengd 2:04
Selskap Specialty Records
Låtskrivar(ar) John Marascalco, Robert «Bumps» Blackwell
Produsent Robert «Bumps» Blackwell
Little Richard-kronologi 
«Maybe I'm Right»
(1957)
Good Golly Miss Molly «Ooh! My Soul»
(1958)


«Good Golly Miss Molly» er ein rock 'n' roll-song som først vart spelt inn i 1958 av den amerikanske musikaren Little Richard. Songen, som er ein 12-taktsblues, vart skriven av John Marascalco og produsenten Robert «Bumps» Blackwell. Sjølv om han først vart spelt inn av Little Richard, produserte Blackwell ein annan versjon av The Valiants, som imiterte Little Richard, men denne songen gjekk enno raskare. Sjølv om the Valiants-versjonen vart gjeven ut først, var det versjonen til Little Richard som vart ein hit. Singelen hans nådde fjerdeplassen i USA..[1] Som alle dei tidlege hittane hans vart han raskt ein rock 'n' roll-standard og har vorte spelt inn av mange hundre artistar sidan. Songen er rangert på 94. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Tidleg i 1960-åra vart songen ein hit i Latin-Amerika framført av det mexicanske bandet Los Teen Tops,som hadde tenåringsidolet Enrique Guzman som frontmann. Han vart sungen på spansk med tittelen «La Plaga», som er eit mexicansk-spansk slangord for «gjengen». Han vart spelt inn i 1959 og var den første singelen til bandet. Han vert rekna som den første rock på spansk-hitten. Nesten 30 år seinare, i 1988, vart han igjen ein hit, denne gongen for dottera til Guzman, Alejandra Guzmán, på debutalbumet hennar Bye Mama.

Det britiske bandet The Swinging Blue Jeans nådde 11. plass i Storbritannia med sin versjon frå 1964.[2]

I 1966 vart songen igjen ein hit då Mitch Ryder and the Detroit Wheels spelte han inn i ein medley med «Devil with a Blue Dress On», og denne nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100.[3] Bruce Springsteen and the E Street Band spelte «Detroit Medley» fast som ekstranummer på konsertane sine i 1970- og 1980-åra. Eit opptak av dette frå 1980 vart gjeve ut på No Nukes.

Creedence Clearwater Revival spelte inn songen i 1969 og endra teksten noko. I staden for at resultatet av ei diamantringgåve var «When she hugs me, her kissin' make me ting-a-ling-a-ling», syng John Fogerty «Would you pardon me a kissin' and a ting-a-ling-a-ling?»

Songen vart òg framført av Meat Puppets, The Crests, Jerry Lee Lewis, The Sonics og Screaming Lord Sutch.

Deep Purple-songen «Speed King» refererer til songen («'Good Golly', said Little Miss Molly»).

Ein episode av Hannah Montana heiter «Good Golly Miss Dolly» og i filmen King Ralph syng rollefiguren til John Goodman songen.

Opphavet til songen

[endre | endre wikiteksten]

Little Richard høyrde først uttrykket «Good golly, Miss Molly» frå sørstats-DJen Jimmy Pennick. Little Richard sjølv hevdar han tok musikken frå pianointroen til Ike Turner på den viktige rock and roll-songen til Jackie Brenston frå 1951, «Rocket 88» og nytta han på «Good Golly Miss Molly». «Eg har alltid likt den songen», sa Richard, «og eg nytta det riffet på konsertane mine, så når me skulle finn ein god intro til 'Good Golly, Miss Molly', gjorde eg det og det passa.»«»

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]