Hopp til innhald

It's Now or Never

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. april 2023 kl. 00:05 av Frokor (diskusjon | bidrag) (fjerna Kategori:Debutsinglar; la til Kategori:Debutsinglar frå 1981 med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
It's Now or Never
Singel av Elvis Presley
B-side

«A Mess of Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 5. juli 1960
Innspelt 3. april 1960, RCA Studios, Nashville i Tennessee
Sjanger Pop
Lengd 3:15
Selskap RCA
Komponist Eduardo Di Capua
Tekstforfattar Aaron Schroeder, Wally Gold
Låtskrivar(ar) Wally Gold, Aaron Schroeder, Eduardo di Capua
Elvis Presley-kronologi 
«Stuck on You»

(1960)

It's Now or Never «Are You Lonesome Tonight?»

(1960)


«It's Now or Never» er ein ballade spelt inn av Elvis Presley og publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley, i 1960. Det var ein av to populære songar basert på den italienske songen «'O Sole mio» (musikken av Eduardo di Capua). Den andre er «There's No Tomorrow», spelt inn av den amerikanske songaren Tony Martin i 1949, som var inspirasjon for Presley sin versjon. Teksten var skriven av Aaron Schroeder og Wally Gold. Singelen er den nest mestseljande singelen til Presley og ein av dei bestseljande singlane gjennom tidene.[1]

Seint i 1950-åra, medan han var stasjonert i Tyskland med U.S. Army, høyrde Presley innspelinga til Martin. I følgje The New York Times, som siterte frå boka Behind The Hits frå 1986, «fortalte han om ideen til musikkforleggjaren sin, Freddy Bienstock, som vitja han i Tyskland... Mr. Bienstock, som ofte fann låtskrivarar til Presley, drog attende til kontoret sitt i New York, der han fann låtskrivarane, [Aaron] Schroeder og Wally Gold, dei einaste som var på kontoret den dagen. Dei to skriv teksten på ein halvtime. Songen selde meir enn 20 millionar plater og gjekk til topps i mange land verda over og var den bestseljande singelen til Presley... ein song dei skreiv ferdig på 20-30 minutt til vart den største songen i karrieren deira.»[2]

I 1960 gjekk «It's Now or Never» til topps i USA, og låg på førsteplassen i fem veker. I Storbritannia låg han åtte veker på toppen i 1960 og nok ei veke i 2005, då singelen kom ut på ny. Han nådde òg toppen av listene i mange andre land, og selde i overkant av 25 millionar eksemplar verda over. Den britiske utgjevinga vart forseinka ei stund fordi ein måtte ordne opp i opphavsrettane først, og det vart eit stort førehandssal på singelen som gjorde at han gjekk rett inn på toppen av den britiske singellista, noko som var særs sjeldan på den tida. «It's Now or Never» nådde sjuandeplassen på R&B-lista.[3]

Ein konsertversjon i lag med «'O Sole mio» finst på konsertalbumet Elvis in Concert i 1977. «'O Sole mio» vart sungn av tenoren Sherrill Nielson.

Tidleg i 2005 vart songen gjeven ut på ny i lag med andre singlar av Presley i Storbritannia. Han gjekk då igjen til topps på UK Singles Chart den 5. februar 2005. Songen er òg nytta i miniserien Elvis.

Lister og salstrofé

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1960–61) Plassering
Australia (Kent Music Report)[4] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 1
Tyskland (Der Musikmarkt)[6] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 1
Noreg (VG-lista)[8] 1
UK Singles (Official Charts Company)[9] 1
US Billboard Hot 100[10] 1
US Billboard Hot R&B Sides[11] 7
US Singles (Cash Box)[12] 1
Liste (1977) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[13] 39
Liste (2005) Plassering
Frankrike (SNEP)[14] 86
Irland (IRMA)[[#cite_note-'"`UNIQ--ref-0000000E-QINU`"'-16|[16]]] 6
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 58
Sverige (Sverigetopplistan)[17] 47
UK Singles (Official Charts Company)[18] 1

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1960) Rank
US Billboard Hot 100[19] 7
US Singles (Cash Box)[20] 2

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Finland (Musiikkituottajat)[21] Gull 31,000
Tyskland[22] Gull 1,000,000[22]
Storbritannia (BPI)[22] Gull 1,260,000[23]
USA (RIAA)[24] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine


Føregangar
«Frøken Johansen og jeg»
Inger Jacobsen
Toppen av VG-lista
Elvis Presley

6 veker, veke 49, 1960–veke 2, 1961
Etterfylgjar
«Seemann, deine Heimat ist das Meer»
Lolita

John Schneider-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
It's Now or Never
Singel av John Schneider
frå albumet Now or Never
B-side

«Stay»

Språk engelsk
Utgjeve 1981
Sjanger Country
Lengd 3:22
Selskap Scotti Brothers
Komponist Eduardo Di Capua
Tekstforfattar Aaron Schroeder, Wally Gold
John Schneider-kronologi 
It's Now or Never «Them Good Ol' Boys Are Bad»
(1981)


Den amerikanske countryartisten og skodespelaren John Schneider gav i 1981 ut ein versjon av songen som debutsingelen sin. Songen kom òg ut på debutalbumet hans, Now or Never. Schneider sin versjon nådde topp 5 på Billboard Hot Country Singles-lista og 14. plassen på Billboard Hot 100.

Lister (1981) Plassering
Canadian RPM Country Tracks 7
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 5
U.S. Billboard Hot 100 14
U.S. Billboard Hot Country Singles 4
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 5

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Collins, Ace (2005). Untold Gold: The Stories Behind Elvis's #1 Hits. Chicago Review Press. s. 155–162. ISBN 9781569765074. 
  2. Martin, Douglas (6. desember 2009). «Aaron Schroeder, Writer of Hit Songs for Elvis Presley, Dies at 83». The New York Times. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 
  4. Kent, David (2005). Australian Chart Book: 1940-1969: the Hit Songs and Records from Thirty Years of Specially Compiled Charts. Australian Chart Book Limited. Henta 4. mars 2013. 
  5. "Ultratop.be – Elvis Presley – It's Now or Never" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 31. oktober 2016.
  6. «Elvis Presley - It's Now or Never». Charts.de. Media Control. Henta 31. oktober 2016. 
  7. 7,0 7,1 "Dutchcharts.nl – Elvis Presley – It's Now or Never" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 31. oktober 2016.
  8. "Norwegiancharts.com – Elvis Presley – It's Now or Never". VG-lista. Hung Medien. Henta 31. oktober 2016.
  9. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. oktober 2016.
  10. "Presley?f=379&g=Singles Elvis Presley Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Elvis Presley. Prometheus Global Media. Henta 31. oktober 2016.
  11. «Elvis Presley - Awards». Allmusic. Henta 31. oktober 2016. 
  12. Joel Whitburn's top pop singles 1955-2006. Record Research. 8. januar 2008. Henta 3. mars 2013. 
  13. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. oktober 2016.
  14. "Lescharts.com – Elvis Presley – It's Now or Never" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 27. februar 2014.
  15. «The Irish Charts – Search charts». Irish Innspelt Music Association. 2008. To use, type «Now or Never» in the «Search by Song Title» search var and click search. Henta 4. mars 2013. 
  16. [[#cite_ref-'"`UNIQ--ref-0000000E-QINU`"'_16-0|↑]] "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association. Henta 31. oktober 2016.
  17. "Swedishcharts.com – Elvis Presley – It's Now or Never". Topp 60. Hung Medien. Henta 31. oktober 2016.
  18. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31. oktober 2016.
  19. «Billboard Top 50 - 1956». Billboard. Longbored Surfer. 1956. Arkivert frå originalen 28. januar 2013. Henta 4. mars 2013. 
  20. «The CASH BOX Årslisters: 1960». Cash Box Magazine. 1960. Henta 4. mars 2013. 
  21. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  22. 22,0 22,1 22,2 Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2, illustrated utg.). Barrie & Jenkins. ISBN 0-214-20480-4. 
  23. Ami Sedghi (4 November 2012). «UK's million-selling singles: the full list». The Guardian. Henta 31. oktober 2016. 
  24. «American single salstrofé – Elvis Presley – It's Now or Never». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH