«Goodnight, Irene» eller «Irene, Goodnight» er ei amerikansk folkevise frå 1900-talet, skriven i 3/4-takt, og først spelt inn av den amerikanske bluesartisten Huddie «Lead Belly» Ledbetter i 1932.

«Goodnight, Irene»
Låtskrivar Huddie Ledbetter
Publisert 1934
Skriven 1908
Språk engelsk
Form Vals,
folkevise
Framført av Willie Nelson

Teksten fortel om den urolege fortida han hadde med kjærasten Irene, og uttrykket sorg og frustrasjon. Fleire vers inneheld tydelege sjølvmordstankar, mellom anna linja «sometimes I take a great notion to jump in the river and drown», som var inspirasjon for romanen til Ken Kesey frå 1964, Sometimes a Great Notion.

Lead Belly

endre

Som med mange tradisjonelle folkeviser er opphavet til «Irene» uklårt. Lead Belly song ein versjon av songen så tidleg som i 1908, som han hevda han hadde lært av onkelen Terell. Ein song frå 1886 av Gussie L. Davis har fleire tekstmessige og strukturelle likskapar til songen, men ein kjenner ikkje til melodien til denne songen. Ein har funne ting som tyder på at songen frå 1886 igjen var basert på ein enno eldre song ein ikkje lenger har i dag. Uansett kvar han høyrte songen først, gjorde Lead Belly songen til sin eigen i 1930-åra, då han endra rytmen og skreiv om dei fleste av versa.[1]

Lead Belly spelte songen i periodane han sat i fengsel, og det var då han sat i Louisiana State Penitentiary at han møtte musikkforskarane John og Alan Lomax som spelte inn fleire timar med songane til Lead Belly. Eit par månader før utgjevinga hans i 1934, spelte Lead Belly inn fleire av songane sine, mellom anna «Irene», for Library of Congress.[2]

Andre versjonar

endre

I 1950, eit år etter Leadbelly døydde, spelte det amerikanske folkebandet The Weavers inn ein versjon av «Goodnight, Irene». Singelen nådde førsteplassen på singellista i USA. I teksten har The Weavers teke bort dei mest kontroversielle linjene.[3] Sidan innspelinga vart så populær er det hovudsakleg teksten til The Weavers som vert nytta i dag. The Weavers inspirerte mange andre artistar til å spele inn songen, og fleire av desse hadde òg suksess på salslistene.

Frank Sinatra sin versjon av songen, som kom ut berre ein månad etter The Weavers sin versjon, nådde 12. plass på lista. Seinare same året spelte Ernest Tubb & Red Foley ein versjon som nådde førsteplassen på countrylista,[4] og både Dennis Day og Jo Stafford gav ut versjonar som nådde lista, med respektive 22. og 26. plass. Moon Mullican fekk òg ein countryhit med songen i 1950.

Utval av innspelte versjonar

endre

Kjelder

endre
  1. http://books.google.com/books?id=iJhS9BaFFjIC&pg=PA52[daud lenkje]
  2. http://books.google.com/books?id=iJhS9BaFFjIC&pg=PA117[daud lenkje]
  3. «Good Night, Irene». Time magazine. 14. august 1950. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 21. april 2011. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 123.