Viva Las Vegas
Viva Las Vegas Singel av Elvis Presley | ||
A-side | ||
---|---|---|
B-side |
«Viva Las Vegas» | |
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. april 1964 | |
Innspelt | 10. juli 1963, Radio Recorders, Hollywood, California | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:24 | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Tekstforfattar | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Låtskrivar(ar) | Doc Pomus, Mort Shuman | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Kissin' Cousins/It Hurts Me» (1964) | Viva Las Vegas | «Ain't That Loving You Baby» (1964)
|
«Viva Las Vegas» er ein song frå 1963 skriven av Doc Pomus og Mort Shuman.[1] Han vart spelt inn same året av Elvis Presley for filmen Viva Las Vegas, som i lag med songen vart gjeven ut året etter. Sjølv om Presley aldri framførte songen på konsertane sine, er songen blitt kjend og spelt inn av mange andre artistar. I USA selde singelen over ein halv million eksemplar, og Presley fekk gullplate for songen i 1992.
Historie
endreSongen vart utgjeven som B-side av «What'd I Say» frå filmen med same namn. «Viva Las Vegas» gjekk på eiga hand inn på singellista og nådde 29. plassen på Billboard Hot 100-lista.[2] Elvis-versjonen av «What'd I Say» nådde 21. plassen. «Viva Las Vegas» nådde 12. plassen på den britiske UK Singles Chart.
I åra etter han kom ut vart songen sterkt knytt til Presley. I 1990- og 2000-åra er songen blitt brukt i mange filmar og fjernsynsseriar, anten som ein referanse til byen Las Vegas, eller berre som eit uttrykk for glede.
I 2002 bad byen Las Vegas Elvis Presley Enterprises, selskapet som tar seg av arva etter Elvis og alle musikkrettane hans, om løyve til å gjere songen til den offisielle bysongen. Forhandlingane stoppa opp over prisen som EPE ønskte, trass i at EPE ikkje hadde kontrollert opphavsretten til sognen sidan 1993, då han kom i eige hos familiane til låtskrivarane Doc Pomus[3] og Mort Shuman. Sidan EPE ikkje lenger eig rettane til songen, kan dei i røynda heller ikkje bestemme over songen.
Andre versjonar
endre- 1964: Elvis Presley med The Jordanaires
- 1965: Los Extraños
- 1968: Burt Blanca and The King Creole's
- 1975: Werner Müller and The London Festival Orchestra & Chorus
- 1976: Rick Saucedo - The Ambassadors
- 1979: Ral Donner
- 1980: Dead Kennedys. Songen hadde blitt spelt på konsertane deira sidan bandet kom saman. Denne versjonen finst i Terry Gilliam-filmen Fear and Loathing in Las Vegas (1998).
- 1981: Danny Mirror & The Jordanaires
- 1984: Eddie Youngblood
- 1985: La Frontera
- 1988: Stephen Cummings
- 1989: Nina Hagen
- 1989: The Residents
- 1990: The Blackeyed Susans
- 1990: Bruce Springsteen
- 1991: Johnny Earl
- 1992: ZZ Top
- 1992: Girl Trouble
- 1992: Those Darn Accordions (instrumental)
- 1994: Michal Tučný
- 1995: Shawn Colvin
- 1995: Dread Zeppelin
- 1995: Sensitive New Age Cowpersons
- 1995: Gipsy Vagabonds
- 1997: Boxer med Dicte & Thomas Blachman
- 1997: The Blues Brothers and Friends
- 1999: Abnormals
- 1999: Legendary Raw Deal
- 1999: The Blue Dots
- 1999: The Jailbirds
- 1999: Billy Swan
- 2000: Nine Inch Elvis
- 2000: Swing Cats
- 2000: Boppin' B
- 2001: Colin Paul
- 2001: Fiskales Ad-Hok
- 2002: Aaron Sutcliffe
- 2002: Phil Cody
- 2002: Terry Buchwald
- 2003: Plastilina Mosh
- 2003: Mike Andersen
- 2003: Crazy Crackers
- 2004: Lee Rocker
- 2004: The Grascals med Dolly Parton
- 2004: Royal Crown Revue
- 2005: Jim Belushi and The Sacred Hearts
- 2005: The Analogs
- 2005: John Beardsley
- 2005: Los Derrumbes (instrumental)
- 2006: Engelbert Humperdinck
- 2006: DNX vs. The Voice
- 2007: Jeremy Pearce
- 2007: DJ Graceland med Las Vegas
- 2007: She Is The King
- 2007: Spinballs
- 2007: Tom Green
- 2008: Richard Cheese
- 2008: Four Vegas
- 2008: Raymond Ellis
- 2008: Stig Rossen and His Orchestra
- 2009: Hot Wire
- 2009: AcaPelvis
- 2010: James Reyne
- 2010: Vince Neil
- 2010: The Good Fellas
- 2011: Kevin Löhr
- 2011: Henrik Åberg - Jack Baymoore
- 2012: Ricky Norton Orchestra
- 2012: Holly Cole
- 2013: Denis Mazhukov
- 2013: Big Fat Snake
- 2014: Amanda Lear
- 2015: The Killers, som kjem frå Las Vegas, har ofte spelt songen på konsertane sine, som i 2015 på iHeartRadio Music Festival.
- 2017: Johnny Punish
- Burt Blanca
Ein nederlandsk versjon vart skriven av John Spencer og Tom Peters og framført av John Spencer i 1985. Jarmo Koponen skreiv ein finsk tekst, «Humppaleka», som vart framført av Eläkeläiset i 1995.
Kjelder
endre- ↑ «Doc Pomus - Biography». AllMusic. Henta 27. juni 2007.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 182, 416
- ↑ Halberstadt, Alex «Lonely Avenue The Unlikely Life & Times of DocPomus», 2007; DaCapo Press