Ready Teddy
Ready Teddy Singel av Little Richard frå albumet Here's Little Richard | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1956 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Specialty | |
Komponist | Robert Blackwell, John Marascalco | |
Tekstforfattar | Robert Blackwell, John Marascalco | |
Låtskrivar(ar) | John Marascalco, Robert Blackwell | |
Produsent | Robert Blackwell | |
Little Richard-kronologi | ||
«Long Tall Sally» med «Slippin' and Slidin'»
(1956) |
Ready Teddy | «She's Got It» med «Heeby-Jeebies»
(1956)
|
«Ready Teddy» er ein song skriven av John Marascalco og Robert Blackwell, og vart først gjort populær av Little Richard i 1956.[1]
Han har sidan blitt spelt av Buddy Holly, The Tornados, Elvis Presley, Tony Sheridan og andre og er ein rock and roll-standard. «Ready Teddy» er ein livleg rock and roll-song. Han vart mest kjend den 9. september 1956 då Elvis Presley framførte han for 60 millionar sjåarar under si første førestilling på The Ed Sullivan Show på CBS. 82,6 % av sjåarane i USA såg sendinga, den største sjåarandelen i amerikansk fjernsynshistorie. Songen vart seinare nytta i Federico Fellini-filmen La Dolce Vita (1960) i ein versjon av den italienske rockaren Adriano Celentano.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ready Teddy» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Marcus, Greil. «6». Like a Rolling Stone: Bob Dylan at the Crossroads. ISBN 978-1586483821.