Peter Tordenskiold var ein norsk sjøoffiser under Den store nordiske krigen, vidgjeten etter ei rekkje djerve bragder i sjøkampen mot Sverige. Namnet Tordenskiold fekk han då han vert adla 25 år gamal. I 1718 vert han utnemnd til admiral. Djervskapen kosta han til slutt livet, då han fall i ein duell med ein baltisk offiser, like etter krigen.
Tordenskiold var offiser i den dansk-norske flåten frå 1710 til 1720. I denne tida låg Danmark-Noreg og ein rekke andre land i krig med Sverige, hos oss kjend som Den store nordiske krigen. Frå 1709 var det fleire trefningar mellom svenske og dansk-norske styrkar, også til sjøs. Etter kvart fekk den dansk-norske flåten overtaket, mykje på grunn av bragdene til mannen som vart kjend som Tordenskiold.
Oppvaksen i Trondheim hadde Peter Wessel 14 år gamal rømt heimanfrå og søkt teneste i det dansk-norske sjøforsvaret. Etter fire år som sjømann på verdshava vart han teken opp og vart raskt uteksaminert og utnemnd til løytnant. Ei fryktlaus verkelyst gjorde han straks kjend, og han fekk tidleg kommandoen på ein fregatt. I åra 1712–1715 utmerkte han seg med fleire fryktlause manøvrar, men måtte òg stå krigsrett på grunn av farane han utsette seg og mannskapet sitt for.
Dei vellukka kampane mot svenskane gjorde at Wessel likevel slapp unna alle skuldingar, og kongen lønte han heller med forfremjingar. Etter eit særleg vellukka åtak på den svenske flåten i 1715, vart han adla. I 1716 kapra han den svenske forsyningsflåten og fekk Karl 12. til å avbryte felttoget i Noreg. Etter det vart han sjef for forsvaret i norske farvatn.
Som leiar av den norske flåten gjorde Tordenskiold to mislukka åtak mot Sverige og vart difor avsett. Etter ei høyring vart han derimot frikjend, og i jula 1718 utnemnd til admiralgraden schoutbynacht, og så til viseadmiral, etter ein stor siger ved Göteborg sommaren 1719. Etter dette ville Tordenskiold gå til nye åtak, men måtte gi seg då det vart starta fredsforhandlingar med Sverige.
Innsatsen i Den store nordiske krigen og den ekstravagante veremåten gjorde Tordenskiold til folkehelt allereie medan han levde, og gav opphav til ei sterk mytedanning. Minnet om Tordenskiolds eventyrlege liv og bedrifter har levd heilt til i dag blant danskar og nordmenn, som framleis kan stridast om sjøheltens «eigentlege» nasjonalitet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.