Faktaboks

Per Olaf Lundteigen
Fødd
18. april 1953, Øvre Eiker, Buskerud
Verke
Bondeleder og politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker og tømmermåler Einar Lundteigen (1924–2016) og ligningssekretær Bertha Ek (1927–).

Gift 1982 med konsulent Guri Kjenseth (5.1.1955–).

Per Olaf Lundteigen.

Per Olaf Lundteigen er ein norsk gardbrukar og politikar for Senterpartiet, som frå 2005 er stortingsrepresentant frå Buskerud. Han var óg stortingsrepresentant frå 1993 til 1997.

Bakgrunn

Per Olaf Lundteigen er fødd i Øvre Eiker. Han voks opp på Thorberg gard på Vestfossen i Øvre Eiker saman med to yngre sysken. I 1967 kjøpte foreldra garden Gommerud i same kommune, og Lundteigen gjekk vidaregåande skule i Hokksund i åra 1969–1972.

Allereie som student ved Norges Landbrukshøgskole på Ås frå 1973 gjorde han seg notert som ein ivrig og påståeleg debattant. Som nyutdanna sivilagronom i 1977 starta Lundteigen yrkeskarrieren sin som sekretær i Norges bondelag. Seinare var han prosjektleiar i Ringebu kommune, forskar i Budsjettnemnda for jordbruket og, frå 1983, fylkesagronom i Buskerud. I 1986 vart han vald til leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag, eit verv han beheldt fram til 1992. I 1988 hadde Lundteigen overteke drifta av garden Gommerud.

Politisk karriere

Lundteigen vart snart ein profilert leiar og samfunnsdebattant. Han sette seg føre å samle bøndene til kamp mot det han meinte var ein forfeila landbrukspolitikk som ikkje makta å sikre norsk matvareproduksjon, matvaretryggleik og busetjing i distrikta. Han markerte seg ikkje berre som ein refsar, men òg som ein mann med klåre visjonar for eit alternativt samfunn bygd på grøne verdiar. Utover i 1990-åra engasjerte han seg stadig sterkare som ein frontfigur i kampen mot norsk EU-medlemskap og i debatten om frihandel. I desse sakene viste han òg sine evner som alliansebyggjar, mellom anne til fagrørsla og miljørørsla.

Fyrste periode på Stortinget

Ved stortingsvalet i 1993 stilte Lundteigen som Senterpartiets fyrstekandidat i Buskerud. Eggja av EU-kampen gjorde Senterpartiet eit historisk godt val og vart Stortingets nest største parti. Lundteigen tok plass i finanskomiteen og etablerte seg raskt som ein av dei mest aktive og omdiskuterte politikarane i landet. Han oppnådde mykje merksemd med utspel om alt frå naudsynet av «å stå opp tidleg om morran» til at Noreg burde ha ein allsidig og moderne vareproduksjon («Noreg bør produsere vaskemaskiner»).

I sin fyrste periode på Stortinget markerte Lundteigen seg som ein nykelperson i kompromisset med Arbeiderpartiet om bustadskatten. Modellen hans hadde som utgangspunkt at bustader av vanleg standard ikkje skulle skattleggjast. Lundteigen sette dagsorden òg utanfor sitt politiske fagfelt, mellom anna om barneoppseding, der han tok til orde for at ungane burde starte med kniv og øks i barnehagen. Han terga òg på seg delar av kjernetroppane til partiet med eit angrep på norske kyllingprodusentar, som han meinte dreiv uetisk produksjon.

Generalsekretær, statssekretær og Stortinget igjen

Lundteigen rauk ut av Stortinget då Senterpartiets gruppe etter valet i 1997 vart redusert frå 32 til 11 representantar. Medan Senterpartiet hausten 1997 danna regjering saman med Venstre og KrF, vart Lundteigen tilsett som den nye generalsekretæren i partiet. Somme var kritiske til tilsetjinga, men mange i partiet sette likevel pris på å ha ein fritalande generalsekretær som heldt partifanen høgt i ei tid då folket i partiet i regjering og storting naudsynleg måtte leggje for dagen ei meir pragmatisk haldning til primærstandpunkta.

Våren 1999 gjekk Lundteigen inn som statssekretær i Kommunaldepartementet og vart der til sentrumsregjeringa gjekk av i 2000. Han fekk ikkje tilliten blant veljarane i stortingsvalet 2001, men hausten 2005 kunne han igjen ta sete i Stortinget etter å ha ført ein valkamp under parolen «Kva vil vi med Noreg?». Etter å ha vore ute av Stortinget i to periodar, tok Lundteigen opp tråden frå perioden 1993–1997 og gjekk inn i finanskomiteen.

Lundteigen var leiar av Buskerud Senterparti i åra 2000–2003 og medlem av Øvre Eiker kommunestyre i perioden 2003–2007.

Frå 2011 til 2017 var Lundteigen medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen og av arbeids- og sosialkomiteen sidan 2012. Han var første nestleiar i kontroll- og konstitusjonkomiteen på Stortinget 2011–2013 og i arbeids- og sosialkomiteen frå 2021.

Andre verv

Lundteigen var nestleiar i Omsetningsrådet 1987–1991 og medlem 1992–1993, medlem av Inntektsutjamningsutvalet 1987–1988, medlem i Landbrukspolitisk utval 1987–1990 og medlem av rådet for Makt- og demokratiutgreiingsutvalet 1998–2003. Han var leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag 1986–1992.

Utgjevingar

Lundteigen gav ut boka Annerledeslandet – som ikke er seg selv nok saman med Anne K. Grimsrud i 1997, der dei argumenterer for å ta vare på tradisjon og kultur og samtidig ha visjonar om å ville noko betre.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kristen Rusaanes: Norsk biografisk leksikon 2
  • Stortinget i navn og tall 2005-2009, 2006
  • R. Madsen: Motstraums, Senterpartiets historie, bd. 2, 2001

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg