I skog der volumet av bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst, kan skifte av treslag frå bar til lauv berre skje etter godkjenning frå kommunen. Skifte av treslag i edellauvskog kan berre skje etter godkjenning frå kommunen, med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet. Skogeigar må søke om slik godkjenning innan 6 månader etter at hogsten har skjedd.
Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Krav om melding til kommunen gjeld ikkje for skifte av treslag etter åttande ledd.
Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, jf. skogbrukslova § 6. Med tilfredsstillande forynging meinast både planting, såing og naturforynging som skal sikre framtidig skogproduksjon og som er i tråd med krava i § 7.
Forynging etter hogst skal leggje til grunn plantetala i tabellen nedanfor. Ved vurdering av minste lovlege plantetal reknast berre som teljande treslag dei treslaga som utnyttar veksttilhøva på veksestaden best, og som kan gi ein tilfredsstillande produksjon av virke, både når det gjeld volum og kvalitet.
Gran- og/eller lauvdominert skog
Furudominert skog
G26–G20
G17–G14
G11–G6
F20–F17
F14–F11
F8–F6
Tilrådd plantetal pr. dekar
300–180
230–130
140–60
340–190
240–120
130–80
Minste lovlege plantetal pr. dekar
150
100
50
150
100
50
Minste lovlege plantetal gjeld berre bartre der bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst. Lauvtre tel med i andre høve og der det er gitt godkjenning frå kommunen etter § 5 åttande ledd. Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå anna vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av teljande treslag gjer seg gjeldande.
Dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande, og godkjenning etter § 5 åttande ledd ikkje er gjeve, avgjer kommunen om skogeigar skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga, jf. skogbrukslova § 6 tredje ledd.
Pålegg skal varslast i tråd med forvaltningslova § 16. Kommunen kan berre gi pålegg om å forynge med treslag som har sitt nåverande eller historiske naturlege utbreiingsområde i Noreg. Pålegget må stå i rimeleg forhold til lønnsemda.
II
Forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2024.
Rettelser
Det som er rettet er satt i kursiv.
§ 8 første ledd skal lyde:
Dersom kommunen finn at forynginga ikkje er tilfredsstillande, og godkjenning etter § 5 åttande ledd ikkje er gitt, avgjer kommunen om skogeigar skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga, jf. skogbrukslova § 6 tredje ledd.
Forskrift om endring i forskrift om berekraftig skogbruk
Heimel: Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 25. september 2023 med heimel i lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova) § 6 og § 20, jf. delegeringsvedtak 27. mai 2005 nr. 488.
I
I forskrift 7. juni 2006 nr. 593 om berekraftig skogbruk blir det gjort følgjande endringar:
§ 5 åttande ledd skal lyde:
I skog der volumet av bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst, kan skifte av treslag frå bar til lauv berre skje etter godkjenning frå kommunen. Skifte av treslag i edellauvskog kan berre skje etter godkjenning frå kommunen, med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet. Skogeigar må søke om slik godkjenning innan 6 månader etter at hogsten har skjedd.
§ 5 tiande ledd skal lyde:
Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Krav om melding til kommunen gjeld ikkje for skifte av treslag etter åttande ledd.
§ 6 skal lyde:
§ 6.Plikta til å forynge
Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, jf. skogbrukslova § 6. Med tilfredsstillande forynging meinast både planting, såing og naturforynging som skal sikre framtidig skogproduksjon og som er i tråd med krava i § 7.
§ 7 skal lyde:
§ 7.Krav til tilfredsstillande forynging
Forynging etter hogst skal leggje til grunn plantetala i tabellen nedanfor. Ved vurdering av minste lovlege plantetal reknast berre som teljande treslag dei treslaga som utnyttar veksttilhøva på veksestaden best, og som kan gi ein tilfredsstillande produksjon av virke, både når det gjeld volum og kvalitet.
Minste lovlege plantetal gjeld berre bartre der bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst. Lauvtre tel med i andre høve og der det er gitt godkjenning frå kommunen etter § 5 åttande ledd. Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå anna vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av teljande treslag gjer seg gjeldande.
§ 8 skal lyde:
§ 8.Pålegg om forynging