Traktor er eit stort køyretøy med motor, som blir brukt til å trekkje, skyve og bere reiskapar og tilhengjarar. Traktoren er mest brukt i jordbruk og skogbruk.
Traktoren har mange ulike delar.
Traktor er eit stort køyretøy med motor, som blir brukt til å trekkje, skyve og bere reiskapar og tilhengjarar. Traktoren er mest brukt i jordbruk og skogbruk.
Traktoren har mange ulike delar.
Ein traktor har fire hjul, laga av gummi. Hjula bak er vanlegvis størst, medan hjula framfor er litt mindre. Hjula har ofte store mønster, slik at traktoren skal kunne trekkje mest mogleg vekt. Hjula blir styrte med rattet.
Førarplassen er i midten eller bakarst i traktoren. Føraren kan styre med rattet, gasse og bremse frå setet sitt. Setet kan vanlegvis rotere ein halv runde.
Det er viktig at føraren har godt oversyn frå setet, slik at hen kan følgje med på arbeidet. Setet er beskytta av ei traktorhytte med veltebøyle, som er eit lite rom med tak, vegger og vindauge. Hytta vernar føraren, viss traktoren veltar. Frå 2020 er det påbode med setebelte.
Motoren i ein traktor er kraftig, og laga for å tole mykje arbeid over lang tid. Motoren til traktoren går vanlegvis på diesel. Det finst òg elektriske traktorar.
Motoren sit framme på traktoren og er beskytta av eit panser. Dei fleste traktorar har ein toppfart på 40 km/t.
Reiskapar som skjer, slåmaskin, plog og rive kan koplast til traktoren, med trepunkts løftearmar bak. Dette gjer det mogleg å bruke traktoren på mange ulike måtar. Traktoren blir mellom anna brukt til å gjødsle, pløye, harve, så og hauste gras, korn og grønsaker.
Traktoren kan òg brukast til å frakte noko frå ein stad til eit annan, med tilhengar som heng i ein krok bak. Til dømes brukar ein traktor til å flytte tømmer frå skogen, der det blir hogge, fram til vegar, der lastebilar plukkar det opp. Mange brukar traktor med snøfres eller frontskuffe, til å måke snø om vinteren.
Aldersgrensa for å ta førarkort for traktor er 16 år, og ein får førarkort i klasse T.
Dei første traktorane gjekk på damp og vart laga på 1850-talet i USA. Traktoren erstatta hestane, som tidlegare blei brukt til å trekkje reiskapar i landbruket. Den første traktoren vart importert til Noreg i 1907.
Traktoren vart vanleg i Noreg etter andre verdskrigen. Frå 1949 til 1959 auka talet på traktorar med over 45 000. I dag er det rundt 300 000 registrerte traktorar i Noreg.