Tordivlar er runde, trege biller som kryp på bakken. Ein finn ofte tordivlar i nærleiken av dyrebæsj i naturen eller på beitemark. Dei er nedbrytarar, og ein kan seie at dei ryddar opp i naturen.

tordivlar

Beskriving

Tordivlar har rund kropp og kraftige bein med taggar på. Dei er svarte og har ofte metallglans i lilla og blått. Dei norske artane er 12–20 millimeter store.
På hovudet sit eitt par følehorn med ein liten klump ytst. Dei kan folde ut klumpen til ei vifte, som tordivelen brukar når han luktar etter mat eller kjærast.
Tordivlar kan fly. Dei har eitt par dekkvengar som vernar dei tynne flyvengene. Nokre artar er glatte og nokre artar har riller i skalet. Billa lagar ein djup brummelyd når ho er i lufta. Tordivlar liknar på skarabider.
Levevis
Tordivlar lever av bæsj, men kan også ete døde dyr og sopp. Dei har små kjevar og må difor ha mat som er flytande eller i bitte små bitar. Slike dyr som lever av bæsj og døde dyr, sopp og plantar, blir kalla nedbrytarar.
Fuglar, grevling, øgler og piggsvin et tordivlar. Av og til er det midd på tordivelen. Midden haikar med billene utan å skade han.
Tordivlar overvintrar både som larve og vaksen bille.
Formeiring
Hoene og hannane møtest på dyrebæsj. Der parar dei seg og byrjar å grave lange gangar under bæsjen. Tordivlane fyller gongene med bæsj og hoa legg egga sine der. Ut av egget klekkjer det kvite larvar. Dei et bæsjen som foreldra har samla til dei.
Larvane er kvite og forma som ein «C». Hovudet er hardt og brunt med små følehorn. Larvene et mykje, og skiftar hud fleire gonger medan dei veks. Når larva er ferdig utvaksen, forpuppar ho seg og får eit hardt skal. Under skalet kan ein nesten sjå formene på dei ulike delane på kroppen, dette blir kalla ei mumiepuppe.
Samspel i naturen
Tordivlar er viktige i naturen fordi dei grev ned bæsj og døde dyr i jorda. Då kjem næringsstoffa ned der røtene til plantene er. Bakteriar som kan spreie smitte blir også fjerna frå overflata på denne måten.
Bæsj som inneheld frø blir spreidd og grave ned i jorda, der dei kan spire. Før i tida var tordivlar vanlege der menneske heldt husdyr. I dag er det færre dyr ute på beite. Det har gjort at dei to norske artane glattordivel og sandtordivel er trua av utrydding.
Tordivel i kulturen
«Tordivelen og flua» er ei vise av Alf Prøysen som handlar om ulikskap.
Tordivelen flyg i skumringa er eit høyrespel av den svenske forfattaren Maria Gripe. Serien vart seinare gitt ut som bok.