Eit kvitt radioapparat med skjerm. På skjermen står det kva kanal og program ein høyrer på.
Radioapparat for DAB. DAB er éin av fleire teknologiar, som blir brukte for å sende direkte radio. DAB er den vanlegaste i Noreg. I andre land brukar dei teknologiar som FM og AM.
DAB-radio
Av .
Ein person held ein mobiltelefon. Appen NRK Radio er open.

Ein kan høyre på radio på mange ulike måtar, til dømes via radioappar på telefonen, der ein kan høyre på opptak og direktesendingar.

Radioapp
Av .

Radio er sending av snakking, musikk og annan lyd, ved hjelp av radiobølgjer. Eit program på radio er ofte ei blanding av snakking og musikk.

Radio kan nå mange menneske samtidig, og blir kalla eit massemedium.

Dei største radiokanalane i Noreg er NRK P1 og P4. I 2022 høyrde nesten halvparten av alle i Noreg på radio kvar dag.

Frå starten av 2000-talet har podkast vore ei populær form for radio.

Å høyre på radio

Radiolytting har endra seg mykje, sidan folk byrja å høyre på radio. Før var radioapparata store, og ein måtte høyre på bestemte klokkeslett. I dag kan ein ha med radioen overalt, og mange høyrer på radio i bilen.

Mange radiokanalar legg ut programma sine på internett. Fordi ein då ikkje nyttar radiobølgjer til å sende radio, kan ein lytte til internettradio og podkast kva tid ein vil. Med podkast kan programma lastast ned, så ein kan høyre, utan å vera kopla til nettet.

Podkast

Podkast er radio som blir lagt ut på internett. Ein podkast har ofte fleire episodar om eitt tema, og har som oftast ikkje musikk. Programma kan lastast ned til smarttelefon, nettbrett eller datamaskin.

For NRK, P4 og mange andre radiokanalar har podkast blitt ein ny stad for radioprogram. Men det er mange andre òg, som lagar og legg ut podkastar.

Historie

Barn som høyrer på Barnetimen for dei minste, 1984
Før var det vanleg at folk samla seg rundt radioapparata, for å høyre på ulike program saman. I dag er radio noko ein ofte høyrer på samtidig som ein gjer andre ting.
Barn som høyrer på Barnetimen for dei minste, 1984
Av .

Den første radiostasjonen i verda starta i USA i 1920.

Tida før og under andre verdskrigen blir kalla gullalderen i radioen. Då var det svært mange som høyrde på radio. Radio var den raskaste måten å få med seg nyheiter, ny musikk og underhaldning. Svært mange i landet høyrde på dei same radioprogramma. På kvelden og i helgane samla heile familien seg rundt radioen, for å lytte.

Radio i Noreg

Foto av kronprins Olav
I Noreg byrja dei første radiosendingane i 1925. På biletet snakkar kronprins Olav til det norske folket i NRK Radio i 1933.
Foto av kronprins Olav
NTB.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

I Noreg byrja dei første radiosendingane i 1925. Frå 1933 var NRK dei einaste som fekk sende radio i Noreg, dei hadde monopol.

Monopolet for NRK varte til 1981. Då blei det lov å sende radio i bestemde byar eller deler av landet. For eksempel Radio Haugaland og Radio 1 Bergen. Desse blir kalla lokalradio. I 2024 var det 125 lokalradioar i Noreg.

I 1993 starta P4. Det var den første radiokanalen, i tillegg til NRK, som fekk lov å sende til heile landet. På 1980-talet starta NRK kanalane NRK P2 og NRK P3. Lenge var det berre desse fire kanalane som sende til heile landet.

Etter at DAB kom, har det blitt mange fleire radiokanalar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Maasø
Førsteamanuensis, Universitetet i Oslo