Pellets til fyring er ein type biobrensel, eller biodrivstoff, som er laga av materiale i tre, som sagflis, torv eller avfall frå landbruk eller skogbruk. Dei blir først malne opp til små partiklar, og så pressa saman til små sylindrar.
Normalt blir pellets brukt i eigne pelletsomnar, eller til dømes som brensel i biokraftverk.
Prosessen der ein lagar pellets heiter pelletering.