Nedbryting er at dødt materiale blir brote ned til enklare stoff. Til dømes kan visne blad som ligg på bakken bli brotne ned til jord. Jorda gir næring til planter og tre.
Nedbryting er ein viktig del av krinsløpet i naturen. Åtseleterar er òg ein viktig del av nedbrytinga. Dei et døde og rotnande dyr.
For at ei død plante eller eit dødt dyr skal bli til jord, trengst det hjelp frå nedbrytarar.