Matsopp er soppar som er trygge å ete og som blir brukt til mat. Det finst mange typar sopp, og nokre soppar er giftige. Difor er det viktig å vere heilt sikker på kva sopp ein har plukka, før ein smakar på han.
Folk har ete sopp i tusenvis av år. I mange land er sopp viktig mat. Svært mange matsoppar er vanskelege å dyrke, fordi dei lever saman med tre. Desse soppane kan berre plukkast i naturen. Dei vanlegaste matsoppane som folk plukkar i Noreg er kantarell, steinsopp og piggsopp, som dukkar opp seint på sommaren og på hausten.