Magma er smelta bergarter, krystaller og gassar inni jorda. Magma som strøymer ut på overflata, blir kalla lava. Magma kan òg storkne til magmatiske bergartar nedi jorda, som så blir pressa opp til overflata. Granitt er eit døme på ein slik bergart.
Magmakammer finst frå rundt 75 kilometer til fleire hundre kilometer under jordoverflata. Så djupt nede er det svært varmt, frå 750 grader til over 1000 grader.
Der jordplatene glid frå kvarandre, eller dyttar mot kvarandre, kan det vere mykje magma. Her kjem magmaen ofte til overflata og kan til dømes danne midthavsryggar. Ein midthavrygg blir danna, der jordplatene glid frå kvarandre og gjev ein lang fjellrygg under sjøen, som reiser seg 1–3 km over havbotnen rundt han.
Inni jordplatene kan det òg ligge lava i såkalla hot spots. Ein hotspot, eller «varmeflekk» (heteflekk), er eit meir eller mindre rundt vulkansk område, med ein diameter på 100–200 km. Dette har halde seg aktivt gjennom minst eit titals millionar år. Eit kjent døme på dette er Hawaii.