Kunstløp er ein idrett på ei islagd bane. Deltakarane går på skøyter, til musikk, og har planlagde rørsler.
Konkurransane går som oftast føre seg innandørs på ei ishockeybane. I konkurransane går kunstløparane til musikk, som dei får velje sjølv. Dommarar gir poeng for kor bra dei gjer det.
Det blir arrangert konkurransar for enkeltpersonar og for par. I tillegg kan ein konkurrere i isdans og i formasjonsdans for lag.
Skøytene til kunstløp har eit boge skøytejern, som endar i nokre piggar fremst.
Éin som driv med kunstløp blir kalla kunstløpar. Den mest kjende kunstløparen frå Noreg er Sonja Henie. Ho vann tre OL og ti VM på rad, mellom 1927 og 1936.