Karma er ei lære i indiske religionar, som hinduisme og buddhisme. Læra går ut på at handlingar ein gjer påverkar kva som skjer seinare i dette livet, eller i seinare liv.

Viss ein gjer gode ting, og er snill mot andre, vil karma sørgje for at gode ting skjer i framtida. Men viss ein gjer dårlege ting, og ikkje er snill, kan karma føre til at dårlege ting skjer i framtida.

I hinduismen og buddhismen trur ein at menneske og dyr lever fleire liv, og at måten ein har levd på før har noko å seie for korleis livet som kjem etterpå blir. Karma kan forklare om ein blir fødd som for eksempel eit insekt, eit dyr, eller som menneske. Buddhistar og hinduar meiner at det er betre å bli fødd som menneske enn som dyr, fordi menneska er nærare å nå frelse (moksha eller nirvana).

I desse religionane meiner ein at karma er årsaka til at nokre menneske får betre liv enn andre. Slike forskjellar kan for eksempel vere at nokon er klokare, rikare eller sterkare enn andre. Dei trur at menneske som har eit betre liv, har gjort gode ting i tidlegare liv. Dei har god karma.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen