Funksjonalisme er ein arkitekturstil som starta mellom 1920 og 1940. Stilen blir reikna som ei grein innanfor modernismen. I arkitektur blir orda funksjonalisme og modernisme ofte brukt om kvarandre. Stilen fekk kallenamnet «funkis» i Noreg.
Den viktigaste ideen i funksjonalismen er at ting skal vere forma ut frå funksjonen dei har. Ting skal vere gode å bruke. Det praktiske er viktigast, pynt er overflødig. Det kan godt vere synleg korleis ting er sett saman.
Denne måten å tenkje på skapte ein heilt ny stil. Mange funksjonalistiske hus fekk slette, kvite veggar av betong. Linjene er enkle og rette. Taka er ofte flate, og vindauga er store. Vindauga er plasserte for å gje best mogleg lys, gjerne i lange radar eller i hjørna på huset. Ikkje alle likte denne stilen.
Funksjonalistane ville at alle skulle få god arkitektur. Med dei nye løysingane kunne ein bygge mange gode og billege hus, raskt. Vanlege folk kunne leve betre med enkle løysingar i kvardagen. Mottoet var at eit hus er «ein maskin til å bu i».
Funksjonalistane var også opptatt av å planlegge områda folk skulle bu i. Dei meinte at menneska treng opne uterom med lys og luft, ikkje mørke bakgårdar.