Ferie er ein periode der ein har fri frå jobben eller skulen. Alle som har ein jobb i Noreg, har krav på ferie.
I lova om ferie står det at alle skal ha minst 25 dagar ferie kvart år, det vil seie 4 veker og 1 dag. Ei veke er då rekna som 6 dagar. Mange har ein avtale med jobben sin om at dei skal ha 30 dagar ferie.
Det er vanleg å ha mykje av ferien sin om sommaren. I dei fleste jobbar må ein bli samd med arbeidsgjevaren sin om kva tid ein skal ha ferie.
Visse dagar har alle rett til å ha fri, til dømes første mai, 17. mai og fleire dagar i jula og påska. Desse dagane kjem i tillegg til den ferien ein har rett på.
Ordet ferie blir òg brukt om ein tur ein reiser på, når ein har fri. Til dømes kan ein seie at ein skal på badeferie, viss ein skal reise til eit varmt land, der det er fint å bade.