Addisjon er ein måte å rekne på, der ein legg saman tal. Symbolet for addisjon er pluss, +.
Resultatet av ein addisjon blir kalla summen.
Reknestykket 4 + 3 = 7 blir lese slik: 4 pluss 3 er lik 7. I eksempelet er summen 7. Tala 4 og 3 blir kalla ledda eller addendane.
Å leggje saman fleire tal blir kalla å summere tala. Det speler inga rolle kva for rekkjefølgje ein legg saman tala i. For eksempel er 3 + 4 det same som 4 + 3.
Addisjon er éin av dei fire reknemåtane (rekneartane). Dei andre er subtraksjon, multiplikasjon og divisjon.
Addisjon og subtraksjon er motsette reknemåtar. Til dømes er 4 + 3 = 7, og 7 − 3 = 4.