Fehn var påverka av arkitektar som Le Corbusier, Louis Kahn og Carlo Scarpa, og av læraren sin, Arne Korsmo. Korsmo var viktig i stilretninga ein kallar modernismen.
Nokre arkitektar meinte at modernistisk arkitektur kunne gjere verda betre. Dei samla seg i ein internasjonal organisasjon, CIAM. Fehn var med å stifte den norske delen PAGON.
Fram til 1958 arbeidde Fehn i modernistisk stil. På 1960-talet utvikla han ein eigen stil som fekk tilnamnet «poetisk modernisme». Då meinte folk at stilen hans minte om lyrikk. Endringa var del av ei internasjonal endring der modernismen blei erstatta av «postmodernisme».
Bygga til Fehn såg typisk nordiske ut. Han henta idear frå korleis vanlege folk tidlegare brukte å byggje husa sine. Når Fehn skulle forme eit bygg, tenkte han nøye over staden der det skulle vere og historia bak. Ut ifrå dette valde han korleis det skulle sjå ut. Husa hans blei derfor ulike:
- Hedmarksmuseet (1973) utforma han som ein typisk låve frå 1700-talet.
- I Villa Busk (1990) henta han inn idear frå riddarborgar med tårn.
- Til Norsk bremuseum på Fjærland (1991) nytta han tak av skifer-stein. Det var typisk for Vestlandet i eldre tider.
- Til senteret for Kjell Aukrust (1996) valde han eit tak av treflis. Det hadde før vore vanleg på stader med mykje skog.