Nicaragua er eit land som ligg i Nord- Amerika. Landet grensar til Honduras og Costa Rica. Hovudstaden heiter Managua.
Nicaragua
Faktaboks
- Hovudstad
- Managua
- Innbyggjartal
- 6,60 millionar
- Storleik
- 120 340 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- president Daniel Ortega
- Språk
- spansk
- Nasjonaldag
- 15. september
- Valuta
- nicaraguansk cordoba
Natur og klima
Nicaragua ligg i Mellom-Amerika og har kyst både til Stillehavet og Karibhavet. Langs kysten er det mange korallrev, øyar og strender. Landet er om lag ein tredel av Noreg i storleik.
Det er òg vulkanar, regnskog, innsjøar, elvar og fjellområde i landet. Det høgaste fjellet heiter Pico Mogotón, 2106 meter over havet.
I Nicaragua lever det mellom anna hjort, puma, jaguar, vaskebjørn, dovendyr, beltedyr og fleire apeartar. I havet utanfor kysten finst det haiar og mange ulike fiskeartar.
Nicaragua får straum og energi frå både fossile brennstoff og miljøvennlege vasskraftverk.
Nicaragua har eit tropisk klima i låglandet med varmt vêr heile året. Landet er utsett for jordskjelv og vulkanutbrot.
Folk og kultur
Rundt 70 prosent av befolkninga er mestisar, som er ei blanding av amerikanske urfolk og menneske med spansk opphav. Det bur òg fleire urfolksgrupper i landet.
Om lag 60 prosent av befolkninga bur i byar og tettstader. Spansk er offisielt språk. Kristendom er den største religionen, omtrent likt fordelt mellom katolisisme og protestantisme.
Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 15 år. Rundt 90 prosent av barna i landet begynner på grunnskulen.
Politikk og økonomi
Nicaragua er ein republikk med president som statsoverhovud. Presidenten er òg leiar for regjeringa og det militære.
Presidenten har fått kritikk frå internasjonale organisasjonar for grove brot på menneskerettane. Mange meiner han styrer landet som eit diktatur.
Mange menneske i Nicaragua jobbar med jordbruk, handel og fiske. Landet tener mellom anna pengar på å selje kaffi, klede og frukt til andre land.
Nicaragua er medlem av mellom anna FN og Verdsbanken.
Historie
Det har budd menneske i det som no er Nicaragua i mange tusen år. Etter at Spania koloniserte området på 1500-talet, døydde mange urfolk, mellom anna på grunn av sjukdomar spanjolane førte med seg.
Nicaragua blei sjølvstendig i 1838. Etter sjølvstendet var det fleire periodar med uro og konfliktar i landet. Mellom anna invaderte USA landet fleire gonger på 1900-talet.
Frå 1972 til 1989 var det borgarkrig i landet. Folk gjorde opprør mot militærdiktaturet, som var støtta av USA.
I dag er det store skilnader mellom folk med høg og låg inntekt i Nicaragua. Mange turistar kjem kvart år for å besøkje naturen og dei mange strendene i landet.