Foto av ei gruppe ungdommer som held plakatar med slagord som La Førdefjorden leve! og Ja til rein natur!

Natur og Ungdom held aksjonar og demonstrasjonar. På biletet protesterer dei mot dumping av avfall frå gruver i Førdefjorden.

Natur og Ungdoms sommerleir i 2015
Av /Samfoto, Scanpix.

Natur og Ungdom er ein organisasjon for ungdom som arbeider med miljøvern. Dei vil ta vare på biologisk mangfald og stanse dei menneskeskapte klimaendringane. Det gjer dei blant anna gjennom aksjonar, arrangement og å stille krav til politikarar.

Natur og Ungdom er Naturvernforbundet si organisasjon for ungdom. Dei har mange medlemmer frå heile landet som arbeider med ulike miljøsaker, og blir rekna som Noregs største miljøvernorganisasjon for ungdom. Medlemsbladet deira heiter Putsj.

Aktuelle saker

Natur og Ungdom arbeider med mange ulike saker innan klima og miljø. Nokre av dei viktigaste er:

  • Motstand mot å dumpe avfall frå gruver i norske fjordar.
  • At endringa frå fossil energi til fornybar energi skal skje på ein rettferdig måte.
  • Å gjere det lettare å reise miljøvennleg.
  • Å verne naturen frå inngrep som øydelegg leveområda til dyr.

Natur og Ungdom arrangerer ein årleg sommarleir og andre prosjekt. I Grønt spatak kan ungdommar få prøve seg på gardsarbeid. På Ungdommens miljøskute kan dei lære å segle ei stor skute.

Historie

Natur og ungdom vart stifta i 1967. Medlemmene engasjerte seg i energispørsmål på 1970-talet. På 1980-talet aksjonerte dei for å stanse forureining og avsløre miljøkriminalitet.

Dei seinare åra har kampen mot bygging av vegar og gasskraftverk vore viktige saker. Natur og Ungdom engasjerte seg òg sterkt mot at ein skulle leite etter olje i Barentshavet og utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Mange ungdommar frå Natur og ungdom demonstrerte under Fosen-saken.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lene Liebe Delsett
Doktor i virveldyrpaleontologi, Universitetet i Oslo