Munch ville endre kva han måla, etter at han blei kjend med ei gruppe andre kunstnarar. Dei meinte at kunst måtte bety noko for folk. I staden for daglegdagse motiv, som bilde av kvinner som strikker eller folk som les, ville Munch måle folk sine kjensler.
I naturalismen skulle ein måle menneske og natur så nøyaktig som mogleg. Måleriet Det syke barn frå 1885 viser at Munch ville endre målestilen. Han har måla meir utflytande, for å få fram kjensler, når ein ser på bildet.
I 1889 reiste han til Paris. Her oppdaga han ein ny måte å måle på. Linjene skulle vere enkle og fargane sterke, og symbol var viktige. Stilen blir kalla symbolismen. Tidleg i 1890-åra hadde Munch utvikla ein heilt eigen stil med bogne linjer, og fargar som er samla i store flater.
I 1916 flytte Munch inn på Ekely i Oslo. Her budde han, til han døydde i 1944.