Bolivia er eit land som ligg midt i Sør-Amerika. Landet grensar til Peru, Chile, Brasil, Paraguay og Argentina. Den offisielle hovudstaden er Sucre, men regjeringa held til i La Paz, som ligg heile 3 640 meter over havet.

Bolivia
Faktaboks
- Hovudstad
- Sucre (La Paz)
- Innbyggjartal
- 12 millionar
- Storleik
- 1 083 300 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- president Luis Arce
- Språk
- spansk, aymara, quechua og fleire urfolksspråk
- Nasjonaldag
- 6. august
- Valuta
- boliviansk boliviano


Bolivia (mørkegrønt) ligg i Sør-Amerika (lysegrønt).
Natur og klima

Bolivia og nabolanda
Bolivia har ingen kyst og er nesten tre gonger så stort som Noreg i storleik. Landet har ein variert natur, med mange fjellområde, isbrear, regnskog, savannar og innsjøar.
Vest i landet ligg Andesfjella, som går gjennom fleire land i Sør-Amerika og er den lengste fjellkjeda i verda. Det høgaste fjellet i landet heiter Sajama, 6542 meter over havet. Sør-Amerikas største innsjø, Titicacasjøen, ligg på grensa mellom Bolivia og Peru.
Nasjonaldyr er lama. Det lever også chinchilla, rev, jaguar og brillebjørn i landet.
Rundt 90 prosent av straumen i landet kjem frå fossile energikjelder, som olje og gass.
Bolivia har eit variert klima. I vest er det kaldt og tørt vêr, medan det er varmare i nord og aust. På grunn av klimaendringar har nesten halvparten av isbreane i landet smelta dei siste tiåra.
Folk og kultur
Rundt halvparten av folket i Bolivia er urfolk. Den andre halvparten består av folk med europeisk bakgrunn og mestisar. Mestisar er ei blanding av amerikanske urfolk og menneske med europeisk opphav.
70 prosent av befolkninga bur i byar. Spansk, aymara og quechua er offisielle språk. Kristendommen er den største religionen, og dei fleste er katolikkar.
Alle barn må gå på skule frå dei er 6 år til 14 år. På landsbygda sluttar mange elevar før dei er ferdig med skulen, fordi dei er fattige og må arbeide i staden.
Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.
Politikk og økonomi
Bolivia er ein republikk med president som statsoverhovud. Landet vart eit demokrati i 1982, og det er val kvart femte år.
Det har dei siste tiåra vore fleire konfliktar mellom fattige urfolk og rike jordeigarar i landet.
Mange i Bolivia jobbar med handel og landbruk. Landet tener mellom anna pengar på å selje naturgass og gull til andre land.
Bolivia er medlem av FN og Verdsbanken.
Historie
På 1400-talet vart Bolivia ein del av Inkariket, som herska over store område i Sør-Amerika.
Etter at Spania koloniserte området på 1500-talet, blei urbefolkninga tvinga til å arbeide for spanjolane. Bolivia vart sjølvstendig i 1825.
På 1900-talet var det fleire militærkupp og økonomiske kriser i landet. Evo Morales vann valet i 2005. Han var den første presidenten frå eit urfolk. Etter dette valet gjennomførte landet mange tiltak for å betre rettane til urfolka.
Dei siste tiåra har Bolivia fått betre økonomi, men landet er likevel eitt av dei fattigaste i Sør-Amerika.