Versj. 9
Denne versjonen ble publisert av Anja Edwards 11. oktober 2024. Artikkelen endret 14 tegn fra forrige versjon.

Klimagassar er gassar som påverkar klimaetJorda. Det skjer fordi gassane reagerer på ulike typar stråling frå Jorda og Sola. Dette har noko å seie for temperaturen nede på bakken og i atmosfæren.

Nokon gassar fangar opp strålar frå Jorda slik at varmen ikkje slepper ut. Dette blir kalla drivhuseffekten. Dei viktigaste drivhusgassane er vassdamp (H2O) og karbondioksid (CO2).

Når menneske forbrenn kol, olje og gass, eller høgg ned skog, blir det sleppt ut drivhusgassar. Dette er med på å forsterke drivhuseffekten, og gjer at temperaturen på Jorda går opp. Dette blir kalla global oppvarming.

Global oppvarming kan føre til at klimaet endrar seg. Det kan skape problem for livet på Jorda, fordi alt som lever er tilpassa dei temperaturane som har vore til no.

Sjølv om vassdamp òg bidreg til oppvarming, er det karbondioksid (CO2) som er den farlegaste klimagassen. Dette er fordi CO2 blir verande lenge i atmosfæren og difor påverkar klimaet langt inn i framtida. Difor er det viktig å få ned utsleppa av CO2 for å bremse klimaendringane.