Randi Neteland
Førsteamanuensis, fagansvarlig, Høgskulen i Volda
Nylig aktivitet
-
bilingvisme: oppdatert 15. august 2024
-
multietnolekt: oppdatert 9. august 2024
-
etnolekt: publisert 9. august 2024
-
multietnolekt: oppdatert 9. august 2024
Fagansvarlig for 1 kategorier:
Biografi
Randi Neteland er førsteamanuensis i norsk på Høgskulen i Volda. Hennar forskingsinteresser er sosiolingvistikk, historisk sosiolingvistikk og fleirspråklege barns språkutvikling.
Ho har ein ph.d. i språkvitskap frå Universitetet i Bergen som handla om utviklinga av industristadtalemåla i Sauda og Årdal. Dette temaet har ho utvida og vidareutvikla i seinare publikasjonar. I tillegg har ho forska på andre emne som gir oss innblikk i vår nære språkhistorie, som for eksempel variasjon i nordnorsk på samfunns- og individnivå, samanlikning av bymål og dialektane i bygdene rundt, språkbruk i rallarviser, og val av namn på jernbanestasjonar.
Netelands forsking om fleirspråklege barns språkutvikling handlar både om å undersøke barnas tileigning av majoritetsspråket norsk og om å søke svar på korleis ein kan gi denne barnegruppa gode vilkår for tileigning av norsk.