A. Rellings lenestolmodell frå 1939.
Adolf Relling (fødd 3. januar 1913 i Sykkylven, død 24. februar 2006 i Oslo) var ein interiørarkitekt og møbeldesignar frå Sykkylven på Sunnmøre. Foreldra var gardbrukar Ole Bastian Relling (1881–1967) og Hanna Lovise Strømme (1882–1958). I 1948 vart Adolf Relling gift med Reidun Skipperud (1919–1999), og saman fekk dei borna Jens og Margaret. Adolf Relling tilhøyrde den første generasjon utdanna designarar som arbeidde mot møbelindustrien. Han teikna både for produsentar på Austlandet, i Hordaland og på Sunnmøre. Adolf Relling var bror til designaren Ingmar Relling, og begge fatta tidleg interesse for møbelproduksjon. I deira ungdomsår voks det fram eit rikt produksjonsmiljø innan møbel- og trevareproduksjonen i Sykkylven. Les mer …
Vestlandske Møbler i 1953. Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929.
Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornnes. Les mer …
Jarnes & Krokå rundt 1960.
Jarnes & Krokå Møbel- og Trevarefabrikk var ein møbelfabrikk i Sykkylven. Utgangspunktet til verksemda var trappeverkstaden som Karl J. Jarnes dreiv. Sonen til Karl, John K. Jarnes, fekk med seg svogeren Per Krokå, og saman kom dei i gang med trappe- og møbelproduksjon i huset til Karl J. Jarnes frå januar 1947. Dei delte oppgåvene slik at Per Krokå fekk ansvaret for trappeavdelinga, medan John Jarnes tok seg av møbelproduksjonen.
Det gjekk ikkje lang tid frå den formelle skipinga, tidleg i 1947, før verkstadlokala i bustadhuset til Karl Jarnes vart for trange. For å bøte på plassmangelen leigde dei to kompanjongane ei tid snikkarmaskiner ved J.E. Ekornes Fabrikker. Delane vart frakta med hest frå Ekornes-fabrikken til kjellaren på Jarnes. Les mer …
Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Aure Teglverk er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Aure i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla «Verket». Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; «et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn». Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserte det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3.000 takstein, 3.000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet. Les mer …
|