UlrikCicignon

General og stiftamtmann Ulrik Frederik de Cicignon (1698–1772) var ein av dei sentrale aktørane i strilekrigen i 1765.

UlrikCicignon
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Strilekrigen var ei rekkje opprør i Bergen våren 1765, då bønder frå Nordhordland og Midhordland samla seg til protest mot ekstraskatten av 1. oktober 1762.

Ekstraskatten hadde råka den fattige bonde- og fiskarallmugen i distrikta rundt Bergen særleg sterkt. Utlikninga og innkrevjinga av skatten i 1764 var også uklar og prega av misforståingar, noko som auka mistrua til skatten og styresmaktene. Ei militær inndriving av skatterestansar i 1765 førte til at fleire hundre bønder reiste til Bergen i mars 1765 for å klaga, med munnhoggeri og tumultar som resultat. I april same år gjentok klageferda seg, men denne gongen med fleire deltakarar både frå omlandet i byen og bybefolkninga sjølv. Oppløpet i april innebar eit høgare konfliktnivå. Både stiftamtmannen og futen blei utsette for fysiske overgrep. Opptøyane roa seg då stiftamtmannen gjekk med på å betala tilbake skatten.

Ein undersøkingskommisjon kom til Bergen sommaren 1765 og arbeidde fram til året etter med å kartleggja både opptøyane og innkrevjinga av skatten. Dei utpeikte hovudmennene blei ved høgsterettsdom i 1768 dømde til døden. Éin var då alt død i fengselet, medan dei tre andre fekk seinare dødsdommen omgjord til fengselsstraff.

Les meir i Store norske leksikon