Kjøpmann er ein sjølvstendig næringsdrivande som omset varer for eiga rekning.

Tidlegare blei ordet brukt i snevrare betydning om ein som hadde handelsborgarskap i kjøpstad (i motsetnad til høkrar eller handlande utanfor eit kjøpstadsdistrikt) eller om ein som hadde løyst handelsbrev (i motsetnad til frihandlarar).

Les meir i Store norske leksikon