Keilhaus topp er ein fjelltopp i Lom kommune, aust for Galdhøpiggen i Jotunheimen; 2355 meter over havet. Toppen har namn etter geologen Baltazar Keilhau, som saman med to studentar i 1844 forsøkte å gå opp på Galdhøpiggen, men ikkje nådde lenger enn til denne toppen på grunn av uver. Rute frå Spiterstulen til Galdhøpiggen går over Keilhaus topp.

Kart

Keilhaus topp
Keilhaus topp
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon