Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 42, 2006
Utsjånad
Auckland på Nordøya av New Zealand er det største av dei urbane områda på New Zealand. Området starta som fire frittståande byar, Auckland City, Waitakere, Manukau og North Shore. Desse har med tida vakse saman, men er enno fire avskilde administrasjonsområde med eigne valde bystyre og administrasjonar. På maorispråk vert Auckland kalla Tamaki Makau Rau eller Akarana .
Folketalet i Auckland er over 1,3 millionar menneske, dette gjer byen til langt den største på New Zealand, då nesten tredjeparten av alle innbyggjarane i landet er busette der. Les meir…