Den USA-amerikanske hæren
United States Army, U.S. Army | |||
Emblemet til den USA-amerikanske hæren | |||
Type | Hær | ||
---|---|---|---|
Skipa | 14. juni 1775/3. juni 1784 | ||
Stab | 546 047 aktivt personell 559 244 reserve- og nasjonalgardepersonell 1 105 301 til saman (2012)[1] | ||
Medlemmer | 1 018 000 | ||
Motto | «This We'll Defend» | ||
Nettstad | https://army.mil |
Den USA-amerikanske hæren er ein profesjonell hær som har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar på land. Hæren har nytta vernepliktpersonell ved tre større konfliktar: Andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen.
Hæren kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775, då Den kontinentale hæren vart skipa av Dei tretten koloniane for å ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane. Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Den kontinentale hæren lagt ned, og Kongressen oppretta den nye nasjonale hæren 3. juni 1784.
I 2012 hadde hæren rundt 1,1 millionar medlemmer, 546 047 personar som aktivt personnel og 559 244 i reservestyrkane eller nasjonalgardepersonnel.[1]
Hæren vert styrt av det amerikanske hærdepartementet som ligg under Det USA-amerikanske forsvarsdepartementet. Den høgaste og sivile leiaren for hæren er hærministeren (Secretary of the Army, SECARMY eller SA), som sidan 2009 har vore John M. McHugh. Den høgast rangerte offiseren i departementet er hærstabssjefen (Chief of Staff of the Army), sidan 2011 Raymond T. Odierno, medan den høgaste rangerte offiseren i heile det amerikanske forsvaret er Chairman of the Joint Chiefs of Staff, sidan 2011 Martin Dempsey.
Inndelingar
[endre | endre wikiteksten]Den noverande inndelinga av hæren omfattar 10 aktiver divisjonar og fleire sjølvstendige einingar.
Engelsk namn | Norsk namn | Hovudkvarter |
---|---|---|
1st Armored Division | 1. panserdivisjon | Fort Bliss i Texas |
1st Cavalry Division | 1. kavaleridivisjon | Fort Hood i Texas |
1st Infantry Division | 1. infanteridivisjon | Fort Riley i Kansas |
2nd Infantry Division | 2. infanteridivisjon | Camp Red Cloud i Sør-Korea |
3rd Infantry Division | 3. infanteridivisjon | Fort Stewart i Georgia |
4th Infantry Division | 4. infanteridivisjon | Fort Carson i Colorado. |
10th Mountain Division | 10. fjelldivisjon | Fort Drum i New York |
25th Infantry Division | 25. infanteridivisjon | Schofield Barracks på Hawaii |
82nd Airborne Division | 82. luftborne divisjon | Fort Bragg i Nord-Carolina |
101st Airborne Division | 101. luftborne divisjon | Fort Campbell i Kentucky |
173rd Airborne Brigade Combat Team | Vicenza i Italia | |
2d Stryker Cavalry Regiment | Vilseck i Tyskland | |
3d Armored Cavalry Regiment | Fort Hood i Texas | |
11th Armored Cavalry Regiment | Fort Irwin i California |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «United States Army» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2013.