Hopp til innhald

Lofamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lofamilien
Kvitbrystlo, Charadrius alexandrinus
Kvitbrystlo, Charadrius alexandrinus
Utbreiing
Utbreiinga av lofamilien
Utbreiinga av lofamilien
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Vigors, 1825

Lofamilien er ein biologisk familie av loer, boltitar og viper i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Totalt er det klassifisert ca. 66 artar.

Dette er små til mellomstore vadefuglar med kompakt kropp, kort, tjukk hals og lange, vanlegvis spisse venger. Dei varierer i storleik frå svartkronelo på 26 gram og 14 cm til maskevipe på opptil 370 gram og 38 cm.

Dei er distribuert på opent land over heile verda, hovudsakleg i habitat nær vatn, sjølv om det er nokre unntak, ørkenboltit, til dømes, føretrekkjer steingrunn i ørkenen i Sentral- og Vest-Australia.

Desse fuglane finn føde med hjelp av synet, heller enn ved å søkje med lange nebb som nokre sniper gjer. Dietten femnar om insekt, makk eller andre virvellause dyr avhengig av type habitat dei lever i. Jaktteknikken er vanlegvis ein springe-og-pause teknikk, snarare enn stadige undersøkingar slik nokre av dei andre gruppene av vadefuglar gjer. I hekketida vernar dei territoria sine med hjelp av sterkt synlege oppvisingar.

Generelt har større artar i familien ofte blitt kalla viper, mindre artar loer eller boltitar. Loer, boltitar og viper i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Pluvialis

  • Tundralo, Pluvialis squatarola, Black-bellied Plover, LC, Linné, 1758
  • Heilo, Pluvialis apricaria, European Golden-Plover, LC, Linné, 1758
  • Kanadalo, Pluvialis dominica, American Golden-Plover, LC, Müller, 1776
  • Sibirlo, Pluvialis fulva, Pacific Golden-Plover, LC, Gmelin, 1789

Slekt Oreopholus

  • Rusthalslo, Oreopholus ruficollis, Tawny-throated Dotterel, LC, Wagler, 1829

Slekt Vanellus

Samlar dei 24 vipeartane som er klassifiserte, inkluderer den palearktiske arten vipe som òg finst i Noreg

Slekt Charadrius

Dette er 31 artar av dei typiske loer, dei fleste er karakteriserte av brystband og krageteikning i fjørdrakta. Boltit høyrer òg inn her.

Slekt Erythrogonys

  • Brunsidelo, Erythrogonys cinctus, Red-kneed Dotterel, LC, Gould, 1838

Slekt Thinornis

  • Svarthovudlo, Thinornis cucullatus, Hooded Plover, VU, Gmelin, 1789
  • Fjærelo, Thinornis novaeseelandiae, Shore Plover, EN, Gmelin, 1789

Slekt Elseyornis

  • Brunskulderlo, Elseyornis melanops, Black-fronted Dotterel, LC, Vieillot, 1818

Slekt Peltohyas

  • Ørkenboltit, Peltohyas australis, Inland Dotterel, LC, Gould, 1841

Slekt Anarhynchus

  • Skeivnebblo, Anarhynchus frontalis, Wrybill, VU, Quoy & Gaimard, 1830

Slekt Phegornis

  • Diademlo, Phegornis mitchellii, Diademed Sandpiper-Plover, NT, Fraser, 1845
  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]