Hopp til innhald

Litofyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Litofyse er eit rundaktig holrom i ein glashalding vulkansk bergart som til dømes rhyolitt og obsidian. Dei kan opptre som hòle sfærolittar eller vere omgjeve av konsentriske skal av finkrystallinske mineral (kvarts og alkalifeltspat). Fenomenet kjem av ekspanderande gassbobler i magmaet.