Hopp til innhald

Jakob Klukstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Klukstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd ca. 1705
Lom kommune
Død

1773 (68 år)

Yrke treskjerar
Jakob Klukstad på Commons

Jakob Bersveinson Klukstad var ein norsk treskjerar, truleg fødd i Lom kring 1705 og død på Lesja i 1773.[1]

Jakob Klukstad er eitt av dei mest framståande namn i norsk folkekunst. Han var ein dyktig treskjerar og rosemålar som førte akantusmotivet frå bykunsten over i bygdekunsten i Gudbrandsdalen.

Lite er kjent om Klukstad sitt tidlege liv, men etter tradisjonen skal han vere fødd i Lom kring 1705. Faren skal ha vore Bersvein båtbyggjar. Han vart i 1734 gift med Anne Knutsdotter frå Lom. Frå 1746 er dei nemnde som kommunikantar i Lesja, og i 1747 fekk Klukstad bygslingssetel på husmannsplassen Nordistugu Klukstad under prestegarden i Lesja. Skiftet etter Klukstad vart halde i januar 1774. Han vart gravlagd ved Lesja kyrkje. Det står ein seinare minnestein på grava.

Læring og utvikling

[endre | endre wikiteksten]

Klukstad skal ha vore sjølvlært som treskjerar, og høyrer til fyrste generasjonen treskjerarar i akantustradisjon som utvikla seg i Gudbrandsdalen. Akantusornamentet kom til Gudbrandsdalen gjennom kyrkjekunsta. Klukstad var den lokale bygdekunstnaren som med stor dugleik fanga opp dei nye motiva og samstundes med at han forstod eigenarten til motivet, utvikla det i sin eigen stil. Han har ein stor del av æra for at akantusornamentet vart treskjerarane sitt varemerke i bygdekunsta i Nord-Gudbrandsdalen. Han må ha lært mykje av å studere Lars Pinnerud sin preikestol i Dovre kyrkje og Lars Borg sine arbeid i kyrkjene på Kvam og i Sør-Fron. Klukstad utvikla sin personlege stil, der den lange, samanhengande ranken er det berande elementet i det som lokalt vart kalla krillskurd.

Klukstad vart kjend for sine spissledar. Ein slede som truleg er laga av han, er på Maihaugen. Han er ein harmonisk oppbygd slede, der treskurd, rosemåling og smijernsarbeid er av same ypparste kvalitet. Ved sida av å vere treskjerar skal Klukstad òg ha vore ein dyktig rosemålar, og målinga på sleden er truleg òg laga av han. Det er akantusornamentet som òg blir framstilt i måla form, i ein teknisk dyktig gjennomført stil. Det er ei monokrom framstilling av akantus i nærast plastisk form. Klukstad skal òg ha måla i større skala, nemleg interiøret i Lesja kyrkje, der benkevangar og galleribrystningar vart måla etter at den nye kyrkja vart bygd i 1750. Denne målinga er monokrom i blå nyansar i ei form av krillmåling – der motivet er ei samanblanding av marmorering og akantusornament.

Klukstad har òg laga en del skåp. Hovudinnsatsen hans kom ved den store kyrkjebyggingsfasen som vart innleidd medan han budde i Gudbrandsdalen, der han fekk fleire større oppdrag. Den fyrste synest å ha vore preikestolen til Lesja kyrkje (1742–45). Som i Lars Borg sine barokke preikestolar nyttar han akantusornamentet oppblanda med blomsterornamentikk. Bladverket blir noko stivt. Til Skjåk kyrkje laga han i 1751 preikestol og altartavle, der altartavla er ei akantusramme kring to måleri. Her introduserer han den lange samanhengande ranken. Enda lengre framme i utviklinga ligg preikestolen og altartavla i Heidal kyrkje (1753–54). Preikestolen fekk tida si moderne runde form med akantus i stor målestokk. Det store meisterverket til Klukstad er altartavla til Lesja kyrkje.[2] Ho var truleg ferdig i 1766. Ho består av ein serie bildescener med skorne figurar omgjevne av eit rammeverk av akantusranker. Akantusrankene har særs høgt relieff. I denne altartavla er han nyskapande i norsk samanheng ved at akantusdekoren ikkje berre flankerer bildefelta men omrammar dei fullstendig. Det er uklårt om dette kan skuldast inspirasjon frå mindre importerte arbeide som spegelrammer, eller om han sjølv kan ha vore ute og sett andre arbeide. Det er freistande å samanlikne treskurden hans på Lesja med skurden på orgelgalleriet i Vår Frelsers kirke i København. Men tradisjonen fortel ikkje om utanlandsopphald for Klukstad sitt vedkomande. Det siste kjende arbeidet til Klukstad er ei lita altartavle til Kors kyrkje i Romsdalen frå 1769.[3]

Klukstad vart viktig for seinare treskjerarar i Gudbrandsdalen. Sylfest Skrinde arbeidde saman med Klukstad, og ikkje minst Østen Kjørren og Skjåk-Ola er klare tradisjonsbærarar etter han.

Minnestein

[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart ein minnestein med eit portrett i ei gjennomskore bronseplate laga av Ola Enstad avduka ved Lesja kyrkje.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  • Kleiven, Ivar (1973) Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen: Lom og Skjaak (Forlagt Av H. Aschehoug & Co.) ISBN 978-82-03-05951-3
  • Stagg, Frank Noel (1956) The heart of Norway: A history of the central provinces (Allen & Unwin)