Hopp til innhald

Lee Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Lee Allen

Fødd2. juli 1927
FødestadCrawford County
Død18. oktober 1994 (67 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Sjangerrhythm and blues, jazz, rock and roll
Instrumentsaksofon
Verka somsaksofonist, jazzmusikar

Lee Francis Allen[1] (2. juli 192718. oktober 1994) var ein USA-amerikansk tenorsaksofonist. Han var ein viktig person i [[rock and roll##-miljøet i New Orleans i 1950-åra og spelte med mange av dei fremste artistane i starten av rock and roll-tida. Han trekte seg delvis attende frå musikken seint i 1960-åra, men var aktiv i periodar frå seint i 1970-åra og resten av livet.

Allen spelte mellom andre med Fats Domino og Lloyd Price og spelte saksofon på dei fleste hittane til Little Richard frå 1955 og 1956.[2] Hans eigen instrumental, «Walkin' with Mr. Lee», vart ein liten hit i 1958.

Kjelder

  1. Eagle, Bob; LeBlanc, Eric S. (2013). Blues: A Regional Experience. Santa Barbara, California: Praeger. s. 354. ISBN 978-0313344237. 
  2. Ward 2016, s. 107.

Bakgrunnsstoff