Frank Fields
Frank Fields | |||
Fødd | 2. mai 1914 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Louisiana | ||
Død | 18. september 2005 (91 år) | ||
Dødsstad | New Orleans | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | kontrabass | ||
Verka som | jazzmusikar |
Frank Nomer Fields (2. mai 1914–18. september 2005) var ein USA-amerikansk kontrabassist som spelte på mange R&B-, rock and roll- og jazz-innspelingar i New Orleans.
I 1930-åra spelte han med lokale jazzgrupper og med bandleiaren Claiborne Williams.[1] Etter å ha tent i US Navy under andre verdskrigen, vart han med i bandet til Dave Bartholomew som bassist, og vart ein av dei viktige studiomusikarane i Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans, i lag med gitaristen Ernest McLean, trommeslagaren Earl Palmer, pianisten Salvador Doucette og saksofonistane Lee Allen og Red Tyler. Fields spelte på mange tidlege rhythm and blues- og rock and roll-innspelingar i New Orleans, som Fats Domino sin «The Fat Man» (innspelt i 1949), og mange av dei seinare hittane til Domino; Little Richard sin «Tutti Frutti» (1955) og dei seinare innspelingane hans for Specialty; og innspelingar av Professor Longhair, Smiley Lewis, Shirley & Lee, Lloyd Price, Huey «Piano» Smith, Ray Charles og mange andre. Fields var fleire år eldre enn dei fleste musikarane han spelte med.
Han fortsette å arbeide som studiomusikar i New Orleans fram til tidleg i 1990-åra.[2] Han spelte òg med Preservation Hall Jazz Band fram til minst 1994.[1][3]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Frank Fields» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Preservation Hall Jazz Band to perform», The Rockmart Journal., November 9, 1994, p.7
- ↑ Tom Lord, The Jazz Discography. Henta 16 October 2015
- ↑ Bill Kohlhaasse, «Taking Bourbon Street on Road», Los Angeles Times, February 26, 1993. Henta 16 October 2015