Hopp til innhald

Minsk

Koordinatar: 53°54′0″N 27°34′0″E / 53.90000°N 27.56667°E / 53.90000; 27.56667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. august 2010 kl. 07:00 av SieBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: ie:Minsk)
Minsk
Sigersplassen i sentrum av Minsk
Sigersplassen i sentrum av Minsk
Sigersplassen i sentrum av Minsk
Flagget til Minsk Byvåpenet til Minsk
Flagget til Minsk Byvåpenet til Minsk
Styresmakter
Land
Voblast
Kviterussland
Minsk voblast
Grunnlagd 1067
Ordførar Mikhail Pavlov
Geografi
Flatevidd 409,500 km²
Flatevidd
 - By

305,47 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)

1 780 000
Koordinatar 53°54′0″N 27°34′0″E / 53.90000°N 27.56667°E / 53.90000; 27.56667
Høgd over havet 280 m
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EET (UTC+3)
Diverse anna
Postnummer 220001-22141
Telefon-retningsnummer +375 17
Bilnummer 7
Heimeside: www.minsk.gov.by
Plassering
Lokasjon av Minsk
Lokasjon av Minsk
Lokasjon av Minsk

Minsk (kviterussisk: Менск, Мінск; russisk: Минск) er hovudstad og største by i Kviterussland og Minsk voblast ved elvene Svislotsj og Niamiha. Byen har 1,78 millionar innbyggjarar.

Minsk vart grunnlagt som del av eit vikingrike i det 10. århundret og vart seinare underlagt Polen-Litauen. Frå 1569 var han ein delstatshovudstad i Den polsk-litauiske realunionen. I 1655 vart Minsk erobra av russarane, men vart teken tilbake av Polen-Litauen. Byen vart igjen annektert av Russland ved Polens andre deling i 1793. 19191991 var Minsk hovudstad i Kviterussiske SSR.

Før andre verdskrigen hadde Minsk 300 000 innbyggjarar. Ved frigjeringa i 1944 var det berre 50 000 att. Minsk vart bomba alt første dagen av det tyske åtaket på Sovjetunionen, 22. juni 1941. Fire dagar seinare vart byen teken. Nokre fabrikkar, museum og titusenvis av sivile hadde likevel alt vorte evakuerte austover. Tyskarane gjorde Minsk til administrasjonssenter for "Reichskomissariat Ostland", og behandla sivilfolket svært brutalt. Kommunistar vart fengsla eller avretta, og tusenvis av sivile vart tvinga inn i slavearbeid både lokalt og i Tyskland. Tusenvis svalt i hel då tyskarane rekvirerte det meste av maten i området og det mest ikkje var betalt arbeid å få. Minsk vart etter kvart eit senter for sovjetisk partisanverksemd. I ghettoen stua nazistane saman over 100 000 jødar. Dei fleste vart drepne. Minsk vart frigjord 3. juli 1944 under den store sovjetiske offensiven Operasjon Bagration. Men då var mesteparten av byen ein ruinhaug, og det meste måtte byggjast opp på ny.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Mal:Link FA