Minsk: Skilnad mellom versjonar
s robot la til: gag:Minsk |
s r2.5.2) (robot la til: tk:Minsk |
||
Line 159: | Line 159: | ||
[[tg:Минск]] |
[[tg:Минск]] |
||
[[tr:Minsk]] |
[[tr:Minsk]] |
||
[[tk:Minsk]] |
|||
[[uk:Мінськ]] |
[[uk:Мінськ]] |
||
[[ug:مىنىسكى]] |
[[ug:مىنىسكى]] |
Versjonen frå 12. desember 2010 kl. 16:03
Minsk | |||||
---|---|---|---|---|---|
Sigersplassen i sentrum av Minsk | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Voblast |
Kviterussland Minsk voblast | ||||
Grunnlagd | 1067 | ||||
Ordførar | Mikhail Pavlov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 409,500 km² | ||||
Flatevidd - By |
305,47 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2006) |
1 780 000 | ||||
Koordinatar | 53°54′0″N 27°34′0″E / 53.90000°N 27.56667°E | ||||
Høgd over havet | 280 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EET (UTC+3) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 220001-22141 | ||||
Telefon-retningsnummer | +375 17 | ||||
Bilnummer | 7 | ||||
Heimeside: www.minsk.gov.by | |||||
Plassering | |||||
Lokasjon av Minsk |
Minsk (kviterussisk: Менск, Мінск; russisk: Минск) er hovudstad og største by i Kviterussland og Minsk voblast ved elvene Svislotsj og Niamiha. Byen har 1,78 millionar innbyggjarar.
Minsk vart grunnlagt som del av eit vikingrike i det 10. århundret og vart seinare underlagt Polen-Litauen. Frå 1569 var han ein delstatshovudstad i Den polsk-litauiske realunionen. I 1655 vart Minsk erobra av russarane, men vart teken tilbake av Polen-Litauen. Byen vart igjen annektert av Russland ved Polens andre deling i 1793. 1919–1991 var Minsk hovudstad i Kviterussiske SSR.
Før andre verdskrigen hadde Minsk 300 000 innbyggjarar. Ved frigjeringa i 1944 var det berre 50 000 att. Minsk vart bomba alt første dagen av det tyske åtaket på Sovjetunionen, 22. juni 1941. Fire dagar seinare vart byen teken. Nokre fabrikkar, museum og titusenvis av sivile hadde likevel alt vorte evakuerte austover. Tyskarane gjorde Minsk til administrasjonssenter for "Reichskomissariat Ostland", og behandla sivilfolket svært brutalt. Kommunistar vart fengsla eller avretta, og tusenvis av sivile vart tvinga inn i slavearbeid både lokalt og i Tyskland. Tusenvis svalt i hel då tyskarane rekvirerte det meste av maten i området og det mest ikkje var betalt arbeid å få. Minsk vart etter kvart eit senter for sovjetisk partisanverksemd. I ghettoen stua nazistane saman over 100 000 jødar. Dei fleste vart drepne. Minsk vart frigjord 3. juli 1944 under den store sovjetiske offensiven Operasjon Bagration. Men då var mesteparten av byen ein ruinhaug, og det meste måtte byggjast opp på ny.