Rock Hudson
Rock Hudson (17. november 1925–2. oktober 1985) var ein amerikansk filmskodespelar, opphavleg kalla Roy Harold Scherer Jr.
Rock Hudson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 17. november 1925 Winnetka |
Død |
2. oktober 1985 (59 år) |
Yrke | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, skodespelar, HIV/AIDS activist, militær |
Språk | engelsk |
Høgd | 196 centimeter |
Politisk parti | California Republican Party |
Ektefelle | Phyllis Gates |
Rock Hudson på Commons |
Som ung tenestegjorde Scherer som flymekanikar på Filippinane under andre verdskrigen. I 1946 drog han til Los Angeles for å prøva å bli skodespelar. Han ikkje kom inn på dramalinja ved University of Southern California, men medan han arbeidde som lastebilsjåfør møtte han tilfeldigvis talentspeidaren Henry Willson, som blei agenten hans. Willson føreslo artistnamnet hans, «Rock» frå Rock of Gibraltar og «Hudson» etter Hudson-elva.
Hudson var mykje likt på 1950- og 1960-talet, og blei Oscar-nominert i 1956 for rolla i filmen Giganten. I 1960-åra medverka han i fleire komediar der han spelte mot Doris Day. Han spelte også i thrillerar, ein western med John Wayne, og i filmatiseringa av Hemingway-romanen Farvel til våpnene. På 1970-talet spelte han inn fleire fjernsynsfilmar. Den siste rolla hans var i såpeoperaen Dynastiet.
Hudson var homofil, noko som passa dårleg inn for ein svært «mannleg» skodespelar i Hollywood på stordomstida hans. Hudson og Willson klarte å skjula legninga gjennom heile karrieren hans. I 1955 gifta Hudson seg med sekretæren til Willson, Phyllis Gates, men dei skilde seg etter tre år.
På 1980-talet skranta både helsa og karrieren til Hudson. Hjarteproblem og ein operasjon førte til at det nystarta fjernsynsshowet hans, The Devlin Connection, måtte utsetjast og seinare blei tatt av lufta. I 1984 fekk han diagnosen HIV, men sjukdommen blei halden hemmeleg og i staden kalla kreft heilt til Hudson sjølv stod fram og fortalde at han heldt på å døy av AIDS i juli 1985. Han døydde i oktober det året. Ved å stå fram offentleg og gje den tabubelagte sjuka eit ansikt, skapte Hudson ein mediestorm og endra synet på sjukdommen.[1]
Filmar (utval)
endre- 1948 Luftens eskadrer
- 1952 Mot fjerne horisonter
- 1954 Mot nye horisonter
- 1955 Med kjærlighetens rett
- 1956 Giganten
- 1956 For alle vinder
- 1957 The Tarnished Angels
- 1959 Kryss på linjen
- 1964 Man's Favorite Sport?
- 1965 Som hund og katt
- 1968 S.O.S. Nordpolen
- 1969 Darling Lili
- 1971-76 McMillan and Wife (TV-serie)
- 1980 Mord som medisin
- 1981 Thee Devlin Connection (TV-serie)
- 1984-85 Dynastiet (TV-serie)
Kjelder
endre- ↑ The show goes on in Aids battle ved bbc.co.uk
- Denne artikkelen bygger på «Rock Hudson» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- IMDb - Rock HudsonDenne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.