Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg

fredag 29. november 2013

DIY: Julegave til storebror og lillesøster

Eg kjenner ein ung herremann som i sommar, rett før han kunne vise fram på fingrane tre år, fekk seg ei lillesøster. Den stolte storebroren heiter Oskar, og lillesøster heiter Maria.
Når du er tre år, då er det stor stas å kunne kjenne igjen namnet sitt, og det er stor stas å vere storebror. Og ingen er vel meir glad i merksemd enn nett ein treåring (berre ikkje bruk for mykje tid på babyMaria når treåringen er til stades. Treåringar likar best å snakke om at dei er storebrødre.)
 Treåringen Oskar og babyMaria får i år heimelaga gåver frå tante (og onkel), slik at ingen skal vere i tvil om at Oskar er storebror og Maria er lillesøster.

Framgongsmåten er enkel:
  1.  Kjøp body og/eller langarme t-skjorte i einsfarga utførelse (eg har kjøp trepakning body frå Claire kids og gensrar frå H&M)
  2. Kjøp overføringsark til printer (mine er frå Biltema -->billeg)
  3. Finn bilete eller skriv valfri tekst, skriv ut på arket
  4. Stryk på klesplagget

Eg brukte nakken på plagget til å stryke på Made with love og på eit anna plagg betydningen av namnet til barnet. 


På overføringsarka står det vaskeanvisning på 40 C, si strykemerket ikkje toler for høg varme. Denne har eg hengt opp på ein enkel merkelapp (adressert til mor).
---
I dag går turen opp på loftet for mellom anna hente ned det perfekte lystreet eg laga av hobbyplanke i fjor (denne delen er den kjekkaste med jula, syns eg). Sjå her for framgongsmåte

tirsdag 21. februar 2012

Giveaway: Kven vil du gjera glad?

I helga fekk me ein gledeleg beskjed.
Paret me besøkte i den nye heimen sin for litt sidan er blitt foreldre.
To er blitt til tre.
Ein skjønn prins skal oppdaga verda, og håpefulle foreldre skal bli kjent med ein ny sjef.
Foto: Vidunderleg
Som nybakte foreldre tenkjer eg det er kjekt å få ei gåve. 
Denne gåva skal jo helst vera noko som ein skal kunne bruka, og eg vil helst at den skal vera spesiell. Eg vil at (i alle fall mor) skal finne fram gåva frå oss, og tenkje på at ho/dei sette pris på den.
Foto: Vidunderleg
 Kva gir ein til heilt ferske prinsar og prinsesser? 
Kva blir foreldra glade for? 
Sjølv har eg ingen born, og eg har mange gonger gitt det eg trur eg ville blitt glad for sjølv. 
Nemleg: sko.
Eg er nemleg svært glad i sko.
Foto: Vidunderleg
I seinare tid har eg fått litt hjelp i mi jakt etter ei gåve til små håpefulle. Det er nemleg komme ein ny butikk. Den heiter Claire kids og held til på Amanda i Haugesund. Barneklede med det lille ekstra. Eg tenkjer at om hadde vore mor så ønskt meg gåver herfrå, fordi eg kanskje ikkje alltid hadde tatt meg råd til det sjølv. Og så har dei ofte same type klede til søsken opp til 12 år. Kjekt at det matchar. I alle fall om ein skal fotograferast.. ;)
Derfor har eg gått til denne butikken.
Det gjorde eg også i går.
Foto: Vidunderleg
Om eg skulle starta butikk sjølv ville eg vore med desse jentene. 
Her får ein med ein snopeting på kjøpet, enten det er til storsøster eller lillebror. 
Dei sel heimehekla sko, til dei av oss som enno ikkje er flinke nok til å få det til sjølv.
 (og ja, eg har prøvt, og om eg skulle prist mine ville det vore langt meir enn 149,-)
Dei sel flotte kort. Scrappa.
Dei har det lille ekstra, eller prikken over i'en. 
Sistnemte er eit av merkene dei skal ta inn. 
Forutan sel dei MyCinnamonGirl, Jean Paul, Chill Norway, PepeJeans, Twins, Emilie et Rose og mange fleire.

Eg vil jo gjerne vise fram den fine gåva eg kjøpte med heim, men det går jo ikkje. 
Derfor viser eg fram noko som du kan få med deg heim.
Foto: Vidunderleg
Du kan få med deg ein fin matrosdress/kjole frå Claire Kids. 
Matrosdressen/kjolen går frå str 62-98.
Perfekt til vårens festligheter med 17. mai, konfirmasjonar, bryllup og andre festligheter.


Reglar for deltakelse er som følger:
1: Lik sida til Claire Kids Haugesund på facebook - 3 lodd
2: Følg Vidunderleg - 1 lodd
3: Link til give away'en på blogg/facebook- 1 lodd
(totalt 5 lodd)


Skriv i kommentarfeltetet under kven du vil gjera glad. 
Er det eigne håpefulle? 
Eller andre sine håpefulle? 
Eg kan jo også trenge tips til kva du blir glad for å få av gåver til søte små. 
Går du helst for basisklede, eller for det litt meir spesielle?

Husk å skrive kor mange lodd du tek (oppgi også ønsket størrelse). 
Alle kan delta. Husk berre å oppgi mailadresse om du ikkje har eigen blogg.
Frist for deltagelse: 19. mars.

*tvitvi*

Alle bilete over er teke frå gårdsdagens shoppingrunde hos Claire Kids.