Viser innlegg med etiketten facebook. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten facebook. Vis alle innlegg

onsdag 15. mai 2013

Bloggteknisk: bildestørrelse på facebook

Etter mykje om og men har eg no endeleg funne ut kor store bileta på forsidebiletet på facebook skal vera. På den private profilen min har eg ikkje brydd meg noko serleg om dette, men på bloggfacebooksida har eg ønska at den skal ha samme header som bloggen! 
For å sikre at biletet vises slik du vil bestemmer du altså proporsjonane sjølv: 850 px i lengde og 315 px høg. Profilbiletet er kvadratisk (men denne er jo igrunn ikkje vanskeleg).
I PhotoScape gjer du det slik:
Velg: Ny størrelse, og så endrar du proporsjonane til det du vil.

Håpar dette var til hjelp for nokon. Fleire bloggtips ser du her!
---
No står middagsoppvasken for tur i bloggeheimen. Alt for ikkje å lese til eksamen;) O fagre mai, med alt du har med av festdagar og tilhøyrande plikter og eksamenar!

søndag 12. mai 2013

Bloggteknisk: facebook på bloggen

Fleire har spurt korleis eg får til facebookappen i sidebaren på bloggen her.
Eg skal prøve å gje ei forklaring!

1) Gå inn sida til facebook developers --> plugins.
2) Velg: Like Button
4) Lim inn under Facebook Page URL
5) Sett ein verdi for breidde (With) (min sidebar er 270 px).
6) Velg om du vil at profilbileta skal vise (Show faces) og hak av.
7) Velg om kommentarer, instagrambilete og anna skal visast i strømmen (show stream)
8) Velg om du vil ha med eller uten facebookheader (Show header)
9) Få koden (Get code)
10) Du får opp to kodar. Du skal bruke begge!
11) Logg inn på blogspot. Velg Mal --> Rediger i HTML.
12) I kodefeltet: finn der det står: < body > (utan mellomrom mellom <>, men det vil ikkje blogger vise om eg publiserer i eitt ord!)
   (trykk: ctrl + f for å søke).
13) Lim inn den øverste koden. Husk å lagre malen!
18) Trykk så vidare inn på Utforming --> legg til gadget ---> HTML/JavaScript og lim inn koden.
14) Lagre!

Kanskje det var til hjelp!? 
Legg gjerne igjen ein melding i kommentarfeltet om du har spørsmål!
---
I dag skal eg prøve meg som effektiv student etter å ha gjort alt anna eg har hatt lyst til heile helga. Slik er det når me er så "dumme" å ta på oss ekstra studier utanom jobb. Det blir liksom litt tiiltak. Godt det snart er ferie!

tirsdag 20. november 2012

Redigering: takkekort og julekort i PhotoScape

Oj, heise for ei lang overskrift! 
Likevel, du forstod det kanskje? 

Eg vil nemleg vise korleis du enkelt kan redigere julekortene dine sjølv i PhotoScape, utan at dei blir uklare når dei kjem i frå trykk!
 PhotoScape er eit gratis nedlastingsprogram som er superenkelt i bruk. Det einaste ein må passe på når ein skal ha noko ut på papir er at oppløysningen er god nok. Denne bestemmer du til høgre i menyen under knappane Lagre og Rediger.

Hos meg står der no 3000 x 3000. Dette betyr at det er 3000 pixlar. Det tilsvarer ca 25 cm med 300 pixlar oppløysning (pixlar per tomme i bilete). Når ein skal trykke noko på papir kreves det fleire pixlar enn når ein skal bruke det på til dømes blogg.


Vidare vel du den malen du vil bruke i høgre meny, og set inn bilete fra venstre meny. Eg har valt ut bilete av finaste Emilie som eg får vere "liksomtante" til. 

Emilie vil ha ei blank rute i midten på takkekortet sitt. Denne har eg laga enkelt i paint. Eit tomt dokument som er heilt kvitt (kunne også laga det i andre fargar)

No kan det vere lurt å lagre før du går vidare. Vel høgaste kvalitet.

Skriv så inn valgfri tekst. Emilie her har valt same blåfarge som i smykke ho har på seg frå oldemor.

Lagre dokumentet når du er fornøyd.

Vips! Då skulle du kunne laste opp takkekortet/julekortet og få det tilbake ferdig trykt med god kvalitet!

Forståeleg?

søndag 19. august 2012

Bloggtips: Facebook, instagram, twitter og pinterest følger (knapp)

Ei lang og vanskeleg overskrift, men du skjønar kanskje kva eg meiner?

Då eg oppdaterte bloggdesignet mitt i byrjinga av månen fann eg også endeleg ut korleis eg kunne leggje inn "følger"knappar til dei sosiale funksjonane eg brukar, i mitt tilfelle dei du ser i menyen til høgre.

På sida AddThis kan du enkelt leggje inn ditt brukarnamn i dei funksjonane du ynskjer å ha med på bloggen. Her har eg lagt inn mitt namn på Facebook, twitter, flickr og pinterest (sjølv om det er noko Anna resultat eg enda opp med her på bloggen).

Vindauget viser kva knappar du er registrert med, slik det vil sjå ut på bloggen. Når du er fornøgd trykker du videre "get the code".

Du får så opp ein html tekst som dette. Den kopierer du og limer inn i ein html boks inne i utforming av oppsett i blogger.

Forståelig!? Eg syns iallfall dette var genialt, og geniale ting må sjølvsagt delast!!