Viser innlegg med etiketten brukt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brukt. Vis alle innlegg

onsdag 2. april 2014

Bord før|etter

Teakbord som ikkje kunne reddast. 
Eit ønske om eit mindre stovebord. 
Forkjærlighet for dei runde borda fra Normann Copenhagen og Bella frå Hay
Eit langt billigare resultat som passar lommeboka vår litt betre på noverande tidspunkt *smil
--
I dag sender eg også ein gratulasjon til pappa som har bursdag!!

torsdag 6. mars 2014

Nytt bord fra loppis

 G J E N B R U K
av gamle møblar
 Bord på billigsalg på bruktbutikken, i akkurat den fasongen eg ønska meg. 
 Mannen har ein formeining om at det gjerne kunne vore større, men mitt mål med å dra inn eit mindre bord er å få oss til å tilbringa meir tid med spisebordet.
Så gjeld det berre å få mannen med på at det er ein god idè. *smil

lørdag 6. juli 2013

Før/Etter: Gammel stol

Når ein er nøgd med ein ting som ein har gjort sjølv, då er det lov å skryte, er det ikkje?


Stolen var gammal og slitt. Stoffet var ikkje lenger like fint, og treverket såg flekkete ut. Som eg skreiv her og her så tok det litt tid, men eg syns resultatet vart tipp-topp!

Etter resultatet er sjølvsagt ikkje perfekt, men det er jo noko av det eg likar. Ting og tang som har litt sjel, litt historie og litt svette og tårer. Denne har alt *smile*

Det beste av alt er kanskje at den matcher blåberene som har sneke seg inn som eit dagleg element av mitt kosthold. Blått er flott! Hihi!

--

Me har brukt første ferieveka vår i lag på Malaga i lag med min familie. Fantastisk for kropp og sjel med sol og varme, sjarm og byliv. For ein by! Takk for meg, Spania. Me sjåast igjen.

--

For fleire før/etter prosjekt, sjå her.

fredag 28. juni 2013

Nye stolar

Det har skjedd igjen!

Det uforklarlige.

Eg har kjøpt nye stolar. 
Utan mannens samtykke. 
Om du ikkje har følgt med kan du lese her om kva som skjedde sist!

Eg har lærarferie, han har ikkje. 
Kan tru han måpte godt då eg stolt fortalde om bruktkuppet mitt. Aldri i verden om eg fekk plass til noko stol i mini cooperen min. Og når eg i tillegg sa det var to. Nei, det trudde han ikkje på!

Ikkje undervurder ein Mini Cooper, seier berre eg. Sjå berre kor vakre dei er, dei fine stolane! Dei skal få seg ein oppshining slik at dei passar betre inn. Brunt er fint, men ikkje hos oss.
Dessutan har eg lærarferie. I tilfelle regn må eg ha noko å ta meg til *smile*

Fine dei blå "liljene" i norgesglaset? Eg trur eg har lært at dei heiter Iris, kan det stemme? Det nygamle huset vårt bringer med seg ein haug med blomster eg ikkje kjenner til. Veit du til dømes kva dei raude/rosa/lilla/purpurfarga kulene heiter? Liknar på slike som veks i skjærgården!
---
I dag er det fredag og mannen har sin siste dag på jobb før ferien! Glede! Ser fram til nokre late dagar i saman! God helg!