Ikkje nok med at me har fått nytt soverom, men me har også funne tid til å male gangen. For ein følelse !!
Lampen har eg dekorert sjølv. Fant ein gammal fot på bruktbutikken for lenge sidan. Den fekk seg eit strøk svart akrylmaling. Før malingen tørka la eg bladsølv over. Si dette var min første utforsking med bladsølv kom den krakilerte overflaten av seg sjølv, men det syns eg er sjarmerande. Då det hadde tørka lakka eg over med decoupage!
Gangen vår er liten og upraktisk, og sjølvsagt uten naturleg lys. Bileta viser derfor gult lampelys, men i realiteten er den blitt kvit. Før oppgradering var den gul. Grusomt gul. Skulle vere prosjekt nr. 1 då me kjøpte leiligheten for 2,5 år sidan. Fleire som kjenner seg igjen?
