mandag 7. februar 2011

Maple blueberry muffins uten

... blåbær, men med eple.
Etter at Sølve hadde våre på ski i dag hadde vi lyst på noko ekstra godt til kvelds. Sander er fortsatt sjuk og matlysta er fråværande så eg tenkte at goode muffins måtte vere tingen.


Canadiske lønnesirupsmuffins med blåbær er fantastisk godt, men vi var tome fro blåbær i frysaren så då prøvde eg meg med eple i staden. Funka heilt supert.

Vi er ofte vande med at muffins skal ha glasur på toppen, men desse skal ikkje ha det. Strøsselet skal haast på før steikning så dei er heilt ferdige når dei kjem ut. Mange ungar rynkar på nasa når dei ser alle desse muffinsa i alle moglege valørar, men desse er heilt naturlege og ungane elskar dei.


Maple blueberry muffins
Måla er i amerikanske koppemål.

Lag strøsselet først
1/4 kopp brunt sukker
1 ss smelta smør
2 ss hakka mandlar
1 ts kanel
Eg brukar det våte brune sukkeret til Dansukker.
Bland sammen alt og sett til side til "tørking"

2 koppar mjøl
1/4 kopp sukker
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
1 egg
1/2 kopp Maple sirup
1/2 kopp melk
1/4 kopp smelta smør
1 kopp blåbær, ferske eller utina frosne
eller i mitt tilfelle eple i bitar.

Bland det tørre i en bolle og bland godt. Bland det våte i ein anna bolle.
Tilsett det tørre i det våte, gjerne i to omgongar.
Elt forsiktig inn bæra til slutt.

Fyll opp i muffinsformer og strø over strøsselen du laga først.
Steikast på 190 grader i 20-25 min.

 Oppskrifta fann eg på nettet frå Canadian Living

Trass i særs gode muffisn gjekk Sander til køys uten mat, men med feber...
Håper på ein betre dag i morgon med meir matlyst.

fredag 4. februar 2011

Heiv meg rundt

å laga Roser til frokost også.
(mange) Fleire bilete i Epla-butikken. 
Har laga link til butikken i margen til høgre.

DÅ er det slutt på syinga for i kveld, kom på at eg må lage ei sjokoladekake også til i morgon. 
Men no skal eg sjå litt på TV å ete litt snop ;)

Frokostsett

Dette frokostsettet med brødkorg og presskannevarmar er lagt ut i Epla-butikken min.
Fleire bilete av settet finn du her.

Her bles det noko heilt forferdelig så eg er veldig spent på om vi fortsatt har all taksteinen på plass når vinden løyar. I morgon skal vi møte i hallen kl 10, Sander skal spele to handballkampar og eg skal sitte i sekreteriatet for fyrste gong. Hmmm ;)
Ynskjer alle ei fortreffelig helg!

tirsdag 1. februar 2011

Eit stort steg

Eg har opne Epla-butikk! 
Litt artig og litt skummelt.
Eg har hatt så mykje ting og tang liggande. Liggande her forsvinn dei ihvertfall ikkje så....ja, då var det berre å kaste seg ut i det. Tok ein print-screen av Epla-butikken min for å vise at det faktisk er sant. Puh...
Skal tru om noko vil kjøpe noko av det eg har laga...
Dersom du vil sjå kva eg har lagt ut for sal til no kan du klikke her.

tirsdag 18. januar 2011

Tittei

Då var det vel påtide å kome i gong igjenn etter ei svært lang og uplanlagt bloggpause.
Godt nytt år forresten.
Korleis går det med nyttårsforsetta? 
He he... Klok av skade har eg svært få og særs realistiske mål for 2011 (tjue-elleve) 
Vi skal ete av maten vi allereide har kjøpt
Frysaren er stappfull og sida eg ikkje har plana, eller plass, til å kjøpe ein ny må vi no begynne å ete maten frå "safen". Ellers har eg matskap og skuffe fulle av ymse mjøl og div tørrvarer som også skal forsvinne i løpet av året.
Trene!
Ja, det er eit realistisk mål! Etter at eg kjøpte medlemskap på Tren i haust har eg trena nesten kvar veke.
Hittil i år har eg ikkje komt i gong med spinninga, men zumba derimot... Oyeah! Himmel så kjekt! Skal i morgon (i dag) og gledar meg. 

Eg har ymse ting eg har sydd hengande så eg ynskjer å selje. 
Kanskje du kan vere interessert eller kjenner nokon? 
Klikk på bileta om du vil sjå nærare på dei.

Raude ruter
 Framme                                                                  Bak

Detalj framme.                                  Detalj bake.           
Kjole i litt kraftig mønstervevd bomullsstoff, kvit kant nede. Armane er gjenbruk frå ei sjorte. Armane er dermed så lange som eg hadde stoff til. Ca 3/4. 
Kr 400,- + frakt.

Grøn somarlukke


Kjole i lett bomull med trykt mønster. Korte armar i lille martine.
Str 3 år. Kr 350,- + frakt

Rosa overraskelse
Seld!
Veske til å hive over skuldra med god plass.
Frammeside                                Svart bakside med hjerte-detalj

 Framside

Den rosa overraskelsen...
 Ei knallrosa velour-lomme på innsida.
 Kr 350,- + frakt

Rosa jordbær

Kjole/tunika i mønstra fleece og knallrosa mjuk velour.
Kjolen har lange ballongarmar som posar seg framme. Kan derfor starte som kjole og ende som tunika.
Denne har eg i to str, 2 år og 4 år. Kr 350,- + frakt.

Frisk i farta
Same modell som Rosa overraskelse, berre litt større.

 Framme                                                           Einsfarga bakside med rund detalj
 Turkis lomme på innsida og magnetknapplukning.
Kr 350,- + pluss

Skriv under eller send meg ein e-post dersom du er interessert.
tonjerem@gmail.com

onsdag 10. november 2010

Det er kaldt!

Gradestokken har allereide vist under -10, i november....!
Eg frys og eg hatar å fryse!
Eg var ein tur innom G-Sport tidligare i dag for å kjøpe ullsokkar til gutane og kva kom eg ut med?

Ei fantastisk deilig dunkåpe frå North Face
Me like a lot!
Så no kan minusgradene berre fortsette for eg er god og varm :)

søndag 7. november 2010

Tidligare i aust var det avslutningsfest for damene på Nilsbuda.
Deilig hauststeming i butikkvindauget.
Det var ein skikkelig koselig kveld men mange historier om kundar, turistar og ymse opplevingar gjennom sommaren. He he, vi log mykje ;)

Det var dekka langbord og eit koldtbord ein ikkje skulle tru..
..var til 10 personar!

Bordkortet (som eg ikkje tok bilete av) var ein pose med pengar(???)
Overraskinga var stor over timesbetalinga då det på førehand var avtalt at alt måtte vere dugnadsbasert, muligens ein liten slant til kvar dersom det vart noko til overs...

Beskjeden var som følger: 
kjøp deg noko fint!

Det tok si tid, men det har eg no gjort!
Dette kom i posten i går.
Megaglis!
104 sneller av Güttermann Sulky broderitråd i koffert. 
Eg smiler frå øyre til øyre berre ved tanken på alle desse lekre fargane og kva eg kan bruke dei til.

søndag 31. oktober 2010

Kaffi frå "Junaita"

For ikkje så lenge sida vart eg introdusert for ein heilt anna type kaffi enn den eg er vand med, 
Starbucks sin French Roasted x-bold. Sjølv om eg er glad i mørk kaffi, kjøper alltid Friele Noir, var denne heilt annaleis. Denne har ein utprega røyksmak og har lite eller ingen ettersmak. Den kan ikkje samanliknast med den kaffien eg drikk til vanlig på nokon anna måte enn at den er svart... Veldig annaleis og god!

No har J våre heime ein tur på "ferie" og då ho kom heim hadde ho kjøpt ei gåve til meg. 
♥Kaffi♥
 Til frokost i dag mått vi prøve Breakfast Blend, mild.
Sida det er søndag har vi inga morgonavis, heller ikkje blåbærmuffins sjøl om eg godt kunne tenkt meg det... 
Kaffien passa likavel godt i min deilige polkadott-kopp frå GreenGate.
Sjølv om denne er mild har den fortsatt røyksmaken som er ganske utkjendt oss, ihvertfall for meg.
Kjempegod!

Italian Roast, x-bold... hmmm. 
Spennande!


Denne måtte ho berre kjøpe...
Tiramisu, my favorite!
  Denne har eg ikkje smakt enda, men gleeedar meg :)

Thank you som much for this loveley present, I (we) am really gonna enjoy it!

tirsdag 26. oktober 2010

Ved er kjekt å ha

no når kulda for alvor sett inn. Vi har vel snart hatt snøv ei veke no, det er sjølvsagt alt for tidlig og med teperaturen ute er eg stygt redd for at den ikkje har tenkt å reise før til våren...

Noko som også er kjekt å ha er noko å bære vede i.
Vi har forøvrig ein knallblå stygg sak som er superpraktisk, men den har vi gløymt att på hytta...
Eg tok dermed saka i eigne hender og laga meg ein ny vedbærar.
 Voksduk frå Stoff og Stil
Den vart litt høg, men passa likavel pørect i vedakorga vår.
OBS OBS!
Må ikkje kome bort i den varme omnen ;)


 Sidan Bonden er utanbygds, igjenn, er det fjøstid!


mandag 4. oktober 2010

Trappa er

...vekk... Eg måtte ta meg ei pause i syinga for å vise...

Sjølv om føn-vinden gir herlege temperaturar om dagen er det i dag slutt på kaffi-hygge på trappa.
Og eg er ikkje spesielt lei meg heller.

Sølve er ein skikkelig arbeidskar

 Eg elskar karar med kubein, sleggje og motorsag!
 Og slik ser det altså ut no. Back to basic...
På onsdag skal det gravast og i løpet av eit par veker støypast....ny trapp!

Snikkaren vi hadde bestil hadde overbooka, men vi skulle bli prioritert til våren.
Våren faktisk! Ja ja, ikkje så mykje å gjere med det. Snikkarar veks ikkje på tred for tida og er ein kresen så må ein berre vente...