Viser innlegg med etiketten Vener. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vener. Vis alle innlegg

onsdag 30. mars 2011

Halv pris på Caty...

Nei, eg har ikkje tenkt å selge henne, men kjolane hennar er no på salg!
Sjekk ut sida henna å sjå om du finn noko du har lyst på. 
Kvar kjole er unik og fins berre i eit eksemplar!
Om du har lyst på ein kjole kun til deg sjøl lagar ho den slik du vil ha den på bestilling, 
men dei er sjølvsagt ikkje på tilbod...

tirsdag 12. januar 2010

Hyggjeleg besøk

Cathrine tok seg ein tur på søndag, kjeme koselig! I tillegg til seg sjøl å strikke sitt hadde ho med ei gåve til meg! No, rett over jula...! Men som ho sa, -ej måtte berre.

Søte Cathrine hadde nemmelig gått seg på dette ROSA nøste og ei søt lita saks og det nærast skreik Tonje mot henne. Tusen tusen takk Cathrine! Sånne små overraskingar er heilt fantastiske og gjer særs godt for sjel og sinn.

Natt til fredag fraus vatnet vårt. Då oppdaga vi kor hjelpelause vi faktisk er utan vatn. Gå på do....? Heldigvis ordna det seg raskt, men vi frykta likavel at det skulle fryse igjenn dermed var eg heime frå jobb for å fyre og passe vatnet. Den verste kuleperioden er vel over, men eg kjenner at eg gruar meg litt til mildvèret. Våte dressar, våte sko, våte vottar/hanskar, vått, vått, vått i ekte vestlands-vintervèr... Vel, vel vi får vel berre ta det som kjem, er ikkje så mykje vi får gjort med det likavel.

Ellers kan eg fortelje at hekleprosjektet mitt funka supert og at det vert gåva i GiveAway`en min. Er det forøvrig nokon som har eit betre ord enn GiveAway? Eg likar svært dårlig denne amerikaniseringa av språket vårt.  
Eg vil ha eit flott norsk ord her!
Nokon som har forslag?



torsdag 31. desember 2009

Godt nytt år!

 
Bilete av Sølve frå i fjor.
Artig å leike seg med lukkartida på kameraet. I dag har eg lest meg litt opp på det å ta bilete av rakettar så eg satstar på å få tatt ein del fine bilete av ungar og rakettar i kveld også.

Det spøkte lenge for feiringa vår då eg har lege rett ut omgangssjuke, i følge systra mi var eg faktisk grøn i ansiktet... I dag vakna eg mykje mykje betre og klar for nyttårsfeiring. No står fåreribba å dampar, potetene kokar og rabbestappa er ferdig, gledar meg! Etter middag dreg vi til Volda der vi skel feire kvelden/natta i lag med god gjeng gode vener, det vert nok veldig kjekt for både store og små.


Med årets siste innlegg vil eg ynskje alle ein kjekk kveld og det aller beste for det nye året, måtte det bli eit godt år for alle!


torsdag 19. november 2009

CatY utstilling


På Mekko i Volda

CatY-dama i eigen person

Ho har jobba som ein helt for å produsere...

Ho er tilhengar av å bruke stoff med sjel. Retrostoff får bein å gå på i hennar produksjon.

Ei god blande av sprekt og nøytralt. Akkurat passelig til at det blir spesielt og unikt.

Det var godt oppmøte. Ca 50 stykker skreiv seg på lista til å vere med i trekninga av ein kjole og det var enda fleire innom. (Kvifor dei ikkje skreiv seg på lista veit eg ikkje...)
Men det store spørsmålet når ein held ei slik utstilling; fekk ho seldt noko?
Jepp!
Godt over 10 kjolar forlet lokalet denne kvelden.

I denne posen...

er denne kjolen...

Eg veit faktisk at dette ikkje var den einaste kjolen denne dama kjøpte denne kvelden ;o)
Cathrine var særs nøgd med utsillinga. Det ramlar inn med nye bestillingar i tilleg til at ho akkurat har lansert sitt nye "Pusle-kjole" konsept.
Akkurat no er eg i litt tidnaud, så eg skal legge til linkar enten seinare i kveld eller i morgon.


tirsdag 30. juni 2009

Utdrikkingslag på Voss

Litt overraska! Dette hadde ho ikkje venta.
8 jenter frå Voldaklubben på ein pub i Voss når ho eigentlig skulle på vinkveld hjå Turid. Ha ha, lurte deg! Ho måtte sjølvsagt gråte ein liten skvett...
Ho henta seg straks innat og var klar for fest.
Skuffelsen var stor då ho etter to timar måtte vende slukøret heim til mor å legge seg... Dagen etter vart ho henta i ti-tida og vi tok Dinglo til toppen av Hangursbanen. Vi fekk med oss ein paraglider som tilfeldigvis (veldig tilfeldig på Ekstremsportveko...) skulle ut å flyge slik at ho fikk tru at det skulle ho òg.
Ho fekk utdelt "alfitten" for dagen. Lekker! Bruda elskar rosa og alt som glitrar. Ho fekk ein tiara, som blinka, med rosa slør med kvite og rosa paljettar på, eit knall rosa skjørt som vi sydde av nervøs fløyel og eit misseband, også med kvite og rosa paljettar. Vi andre hadde òg slike band, men på våra sto det "Team Lisbeth". På toppen kosa vi oss med Rosèvin og frukt, og naut usikta og paraglidarane som tok av.
Vossajentene hadde ordna oss ein plass der vi kunne grille og kose oss i fred og ro. Der hadde vi super utsikt over flyplassen slik at vi fekk sjå fallskjermhopparane. Det vart ekstremt varm på terrassa, så stampen vi eingentlig skulle bade i vart skifta ut med dette plaskebassenget...
og ein fantastisk drikk i sommarvarmen. Martini Asti med Jordbær, herlig!
Seinare drog vi ned til Vangen og såg på akrofallskjerm (?) over Vangsvatnet. Vi hadde bestilt time med Paraseiling til Bruda vår, men då luftromet var stengt under konkurransen let turen seg vente på. Ho vart rimelig sjokkert og litt redd då båtføraren kom å sa at no var det hennar tur, men tok utfordringa på strak arm. Eg har desverre ikkje bilete frå turen...
Seinare var det longbord med middag i leiligheta vår og fest utover kvelden.Her hadde vi leiken; jett kven gåva er i frå. Ho måtte drikke for kvar gong ho jetta feil, det vart litt drikking for å sei det slik...Det var ein strålande dag med nydelig vèr, god mat og drikke og ikkje minst gode vener. Og viktigast av alt, Bruda var særs nøgd med utdrikkingslaget sitt!
Så då gledar vi i Voldagjengen oss til bryllaupet i august der vi får møte att Vossagjengen.