Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg

torsdag 12. august 2010

Håper på...

...fleire slike dagar der vi kan sitte ute til lenge etter sola har gått ned og nyte middagen ute.
Grilla kalkunbryst med provancepoteter, tomatsalat og fetaost.

Eg er ikkje klar for hausten enno!

onsdag 28. juli 2010

Vakre Hjørundfjord

Tysdag tok vi ferga frå Sæbø kl 08.45 i eit nydelig vèr og Hjørundfjorden viste seg frå si vakraste side.
Det klassiske bilete av Lekneset og Hustadneset, alltid like flott.

Utover fjorden mot Trandal, Standal...og innover fjorden mot Skår.
Oddvar kom susande med Hjørundfjord (båten)

Lekneset
Tipp om eg skal kjøpe meg solskjerm til kameraet, mange flotte bilete vart øydelagt av mangelen på ein slik. Eg prøvar å halde handa over for som ei erstatning, men det funkar ikkje alltid like bra...

Innover i fjorden. Stenes.
Ser du båten? -Nei? Røyken er frå ein nystarta båtmotor, men båter er skjult av speilet i bølga. 
Tykte det vart eit kult bilete, men kvaliteten vert sjølvsagt sterk forringa av refleksen i bilete.
Båten som ikkje viste i forrige bilete ser du her.

Innerst i fjorden, Øye.
Dei tre siste bileta er tatt frå bilen i fart så det var ikkje så lett å halde styr på refleksane her heller, ja ja...
Uansett vakre bilete av Hjørundfjorden, trass i refleksane ;o)



onsdag 5. august 2009

Dagen i dag

Då ingen av prosjekta mine er i havn enno og det ser ut til å drage litt ut i tid bloggar eg litt om dagen i dag...
I dag har eg bestilt meg to bøker eg har ønska meg lenge :o) Så då er det berre å vente på Postdama vår... Det er kjempevarmt, 24,3 grader, ute og eg har FRI! To maskiner med kle er allereide komt på snora og brødbakemaskina går for andre gong... Dei to minste Gutane har oppdaga at dei faktisk greier å klippe plenen. (Høne)Mora var då noko skeptisk... Syns kanskje 6 og 8 er litt ungt for å handsame ein plenklippar, men Besten sette dei i gong og resultatet vart upåklagelig...med litt veiledning sjølvsagt. Dermed er det slutt på plenklipping for meg :o) I dag klipper dei plen på deling medan eg plukka litt Bringebær. Lurer på om vi må kjøyre oss ein tur bortover for å kjøpe meir Bringebær. Trur eg har fått sylting på hjerna...ha ha ;o)
Nye utemøblar kan eg ha lyst på...kanskje på salg...får sjå... Mulig at det blir ein tur på badestranda òg i løpet av dagen, måle resten av husvegen i ettermiddag må eg vel gjere og forhåpentlig vis grillar vi til middag. I kveld må eg vel jamne silo for her er Hoslåtten i full gong.
Det var litt om dagen min/vår i dag. Korleis er din dag?

lørdag 18. juli 2009

No har vi...

forlete campingplassen (med dei fantastisk dårlege sengane) og komt hitCopenhagen Island Hotel, med fantastiske sengar og badekar, så no har både Bonden og Gutane mine fått seg eit deilig bad. Snart min tur... :o) I morgon skal vi hittil Tivoli i København. Det vert siste stopp før vi startar på heimturen så vi satsar på at det vert veldig kjekt!

søndag 12. juli 2009

Vi har teke oss ein liten tur over fjorden...

Medan vi sto å venta på denne Kven andre står to rekker lenger borte å ventar på same båt...?

Tove med famile g eit venepar. Dei skal feriere berre nokre få mil frå oss. Som vi seier; sunnmøringar og tomflasker...finn ein overalt ;o) Den store attraksjonen for denne somaren er LEGOLAND. Utanfor hotellet står denne dragen og brøler oss velkomen.

Denne står inne i resepsjonen, men den lagar ikkje lyd.

Vi fekk Delfinromet i denne gata

På putene til Gutane låg desse gåvene. KJEKT!

Hotell Legoland kan anbefalast på det sterkaste! I tillegg til at hotellet ligg i Legoland er det masse å finne på på hotellet òg. Vi skulle hatt ein ekstra ettermiddag berre til å leike på hotellet og gå rundt å sjå på alle figurane som står i gangane.

Ein gresk gud i Atlantis. eller er det Pappaen vår...he he

Mamma og Sølve

Sølve og Pappa høgt opp i lufta

Båttur

Vi grev etter gull

Traffikert...

Første dagen kom det eit par kraftige regnskurar. Det gjorde derimot ingenting for temeraturen var heilt ok og fleire slike sto rundtonkring

Til tørk...

Vèret gjorde nok sitt til at det ikkje var så mykje folk i parken. SUPERT for oss for det var nemmelig veldig lite kø!

Då fortsett vi ferieringa på MyCamp på Trelde Næs i Fredericia.

Gutane vil gjerne helse heim til Besta som ikkje var heime då vi reiste fordi ho måtte til Trondheim å få fikse litt på hjartet sitt. God betring til deg Besta! Store klemmar frå Gutane dine!

Det går veldig seint å blogge frå SIM-kort, men det funkar..tildels. HTLM-koda lenger oppe får eg ikkje vekk. Vel vel, det får stå si prøve. Dokke kan lese resten. Eg får ihvertfall posta innlegga og det er det viktigaste! :o) Ynskjer alle ein super og solfylt dag! Helsing Tonje

tirsdag 7. juli 2009

Somarlykke

...er ei stor skål norske jordbær med vaniljesaus... og born som badar.

onsdag 1. juli 2009

Ein fantastisk...

start på juli! Eg har desverre ikkje begynt på ferien enno, men slutta tidligare i dag så vi fikk ta oss ein tur på stranda medan der fortsatt var folk.
Sølve trenar på å symje. Det går best under vatn, så då er det begrensa kor mange tak han greier før pusten seier stopp...
Vi tok den enkle utgåva av middag i dag, Bellingen. Det var kjempekoselig å ete på stranda, vi var der nesten åleine.
Å vere på stranda til kl 19 er berre heilt fantastisk! Trur nok det vert ein tur i morgon òg.
No er det 5 min til sola går ned her hjå meg. Ha ein flott kveld!